Foto: Linda Øxnevad

Foto: Linda Øxnevad

Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet for 2015 går til Kjartan Hjulstad for boka ”Minnesota og støvet”.

Juryens grunngjev tildelinga slik:

Vinnaren av Trollkrittet i år har skapt noko eg ikkje kan hugse å lese før. Ein tematikk som kjennes både nær og fjern på same tida. Det er ikkje vanskeleg å kjenne seg igjen i karakterane, sjølv om dei er representantar for ein fjern kultur for oss her i Noreg. Vi har kanskje sett dei på film, lese om dei i bøker og kanskje til og med leika som dei då vi var små. Men ikkje på denne måten som vi ser i årets vinnar.

Daniel og Moses er brør, og veks opp i eit nedslite indianarreservat. Heime har dei ei sliten mor, og ein alkoholisert stefar. Daniel og Moses vaskar frontruter på bilane som sporadisk passerer bensinstasjonen. Her jobbar òg Canah. Jenta som Daniel er håplaust forelska i. Kva kan vel han tilby henne? Han er ingen helt. Han er feig og svak og kallenamnet Minnesota virkar alt for stort.minnestoa

Storebror Moses rotar seg bort ein lokal narkogjeng, og siste del av boka er rett og slett ein nervepirrande spenningsroman som verkeleg sparkar hardt i magen. Her blir det høgt mannefall, for å seie det slik. Men alt er likevel innanfor rammene som forfattaren har laga. Karakterar er truverdige, sjølv om hendingane er brutale og framande for oss.

Men først og fremst er dette ei bok om det håplause livet desse menneska lever. Ein stolt kultur som har vore øydelagt i generasjonar, der alkoholisme og fattigdom rår. Dette er faktisk ein dystopi, dersom vi ser det frå indianarane sitt synspunkt. Og det gjer vi jo. Dette er smertefullt truverdig å lese, og ikkje minst originalt som tematikk av ein forfattar frå Noreg. Kjartan Hjulstad har utan tvil sete seg inn i den dystre og triste indianarkvardagen, i tillegg er han ein usedvanleg stødig forfattar til å vere debutant. Dei språklege bileta er både vakre og heslege på same tida, og heile tida uforgløymelege. Dette er ei bok du hugsar. Lenge. Ei bok du gjerne les om igjen.

Trollkrittet vart innstifta av årsmøtet i 2010 og er NBUs pris til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbokdebutant. Prisen vart delt ut for sjette gong 16.april på Quality Hotel Expo på Fornebu. Prisen består av 25 000 kroner og eit diplom, laga av Stian Hole.

Prisjury er Norske Barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd.

Namnet Trollkrittet er henta frå Zinkens Hopps bok ved same namn. Boka kom første gong i 1948 og blir rekna som eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur.