Hovudpersonen reflekterar over det som skjer desse siste dagane før jul, på sjukehuset. Rutinane, folk som får reise heim, og nye som blir lagt inn. Det stille livet vekslar mellom observasjonar og korte samtalar med foreldra, venen Jonas og mor hans. Observasjonane frå senga ut vindauget til parkeringsplassen der snøen dalar ned og dekkjer parkeringsplassen. Det er snart jul. Noen får vere ute i snøen, andre får ikkje. Det kvilar ei ro over atmosfæren gjennom heile boka. Lesarane får vere med i det daglege, stille livet med sjukdomen, gjennom einsemd og ettertanke, får vere med i samtalane med mamma og pappa, dei som jobbar der, og dei som må vere der. Gode opplevingar, som det å få brev, det å spele piano og å få merksemd, dempar tankane omkring det å ikkje kunne gjere noe med lagnaden, berre vere nær mens tida renn. Jonas er god å snakke med. Han seier det ikkje er farleg å døy, men heilt naturleg. Når eit hjarte ikkje vil meir, stoppar det. Sånn er det for alle. Det går bra. Tittelen gir eit vakkert bilde på kva som ventar, og set eit merke etter oss, som blir borte med vinteren.

Skrifta og dei enkle illustrasjonane til Rune Markhus gir rom for stader å kvile auga dersom ein treng. Nært og varmt skildra, og ei forteljing som sit i lenge etter at ein har lese boka.

KINE HELLEBUST

Anders Totland

Engel i snøen           

Illustrert av Rune Markhus

Gyldendal 2016

Ungdomsroman

80 sider

Frå 10 – 15 år