Med boka Snarveien, har forfattar Ingeborg Eliassen skrive ei fantasifull opplevingsbok for dei minste, og ei minst like mykje gjenkjennande bok for vaksne om kommunikasjon, vilje og nysgjerrigheit hos ungar.

Historia handlar om korleis mamma, Maya og bestefar kommuniserer med kvarandre. Denne morgonen søv bestefar, så mamma og Maya må vere stille. Dei peikar seg fram til frukosten utan eit ord, utan at historia verken blir pedagogisk eller teoretisk. Lesaren vert introdusert for det vesle persongalleriet på eit nært og humoristisk vis.

Denne morgonen er det bestefar som skal følgje Maya i barnehagen. Det har han gjort tidlegare òg, så han kan vegen. Maya sit i vogna og peikar kvar dei skal gå. Bestefar stussar over vegvalet, men triller trutt etter den vesle vegvisaren. Lesaren blir tatt med på ein snarveg med mange frydefulle detaljar både for den som les og den som blir lest for.

Åshild Irgens har illustrert boka med enkle teikningar som lever sitt eige liv i historia, og som gjer kvart oppslag til ei fantasireise der universet langs ”snarveien” i den vesle tettstaden både har dyrebutikk, ei elv, ein stor frukthage og hest, som er interessante og viktige element i eit ungt liv, før ein skal i barnehagen. Miljøskildringa er lettfatteleg for målgruppa, og Snarveien fortel oss at det er mykje å oppleve på ein heilt vanleg dag, på veg til barnehagen, om ein berre tar seg tid.

Kine Hellebust

Ingeborg Eliassen

Snarveien

Illustrert av Åshild Irgens

Cappelen Damm 2016

Bildebok

40 sider

Frå 3–5 år