I år vil 66 kunstnarar reise til Volda for å delta på kunstnaropphald. Til saman involverer dette 20 ulike kunstproduksjonar av svært høg kvalitet.
Seanse – senter for kunstproduksjon, ved høgskulen i Volda, arbeidar for å styrke kvalitet i kunst for barn og unge, og for utvikling av kunstprogram i barnehage, skule og andre samfunnsinstitusjonar. Seanse er finansiert av Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylke, Kunnskapsdepartementet og Norsk kulturråd.
I år mottok vi 50 søknadar til årets kunstnaropphald, som avviklast i juni og oktober 2016. Søknadane bestod av kunstproduksjonar innanfor musikk, teater, dans, litteratur og visuell kunst i tillegg til tverrkunstnariske produksjonar. Fleire av kunstnarane har mange års erfaring og har vore med å turnert rundt om i Norges land i regi av Den Kulturelle Skolesekken (den nye Kulturtanken). Seanse dekker reise og opphald, samt honorar for alle kunstnarane under kunstnaropphald, og det gis kunst- og barnefagleg rettleiing frå Seanses leiarteam i Volda.
Den sjangeren vi mottek flest søknadar frå kvart år er teater, men det kan sjå ut som om produksjonar med fokus på formidling av litteratur er aukande. Av produksjonar som involverer dans, er det i år både folkedans, samtidsdans, jazzdans og andre urbane danseuttrykk representert. Ein tendens vi ser er også at fleire produksjonar søker å involvere publikum til å vere aktivt deltakande aktørar og ikkje berre tilskodarar. I tillegg har vi i år fått fleire søknadar enn tidlegare frå kunstnarar tilknytta ulike museum, institusjonar og organisasjonar som jobbar med produksjonar retta mot barn og unge.
Blant kunstproduksjonane i år er det fire små grupper frå Ramallah, som vil kome til Norge for å jobbe med sine produksjonar for barn og unge. Disse har støtte frå UDI for å drive med kunstnarisk arbeid for barn og unge i ein utsatt region i Midtausten.
Om du gikk glipp av årets søknadsrunde, vil Seanse lyse ut nye opphald. Følg med på våre sider www.seanse.no og på https://www.facebook.com/SeanseArtCenter/
For spørsmål kontakt:
Rita Slotterøy
e-post: rita.Slotteroy@hivolda.no
Telefon: 70075414
(Frå pressemelding frå Seanse)