upris 2015Jan Tore Noreng er tildelt Uprisen for årets ungdomsbok 2016 for romanen #alfahann. Boka #alfahann handlar om kroppspress blant unge gutar.

— Dette kjennest uverkeleg, eg hadde ikkje trudd at dette var ei bok som ville fenge, mellom anna fordi den har ein hovudperson som rett og slett ikkje er likandes, seier Jan Tore Noreng. — Men ein skal ikkje undervurdere ungdom.

— Kva trur du det er med boka som har treft ungommen?

— Den må ha bevega noko, kanskje fordi den tar kvardagen på kornet. Den tar opp ting som er viktig for dei unge.

— Kva ville du med boka?

— Ungdom treng forteljingar frå sitt eige liv. For meg var det viktig å ikkje halde att noko, også utålelege tema må skrivast om.

— Kvifor valde du å skrive for ungdom?

— Det er så mykje lidenskap hos dei unge, følelsane er så sterke, alt er meir kompromisslaust.

— Korleis er det å få ein pris der dei unge lesarane bestemmer?

— Det er sjølvsagt enda meir stas når prisen kjem frå dei eg skriv for.

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom ann:

Vinnerboken treffer ungdom på en spesiell måte. Den setter fotavtrykk og gjorde veldig inntrykk på mange, noe vi i storjuryen mener en god ungdomsbok skal gjøre. Handlingen griper fatt i leseren. Vi måtte lese videre for å se hvordan det gikk med hovedpersonen. Vi ble avhengig av å måtte vite. Boken tar opp kroppspress og bruk av steroider. Som oftest handler det om kroppspress sett fra en jentes perspektiv, men i denne boken leser vi om en gutt som kjenner på kroppspresset. Vi får innblikk i hva gutter kan skjule. Dette gjør boken original.

Det er Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skolesekken som står bak Uprisen. Prisen vart nå delt ut for tiande gong.

Dei nominerte var: #alfahann av Jan Tore Noreng, Gyldendal Mumiens mysterium av Tom Egeland, Aschehoug Evna (Ravneringene 3) av Siri Pettersen, Gyldendal Glimt av Tor Arve Røssland, Samlaget I morgen er alt mørkt – Marlens historie av Sigbjørn Mostue, Cappelen Damm