Nina Aalstad, Linn T Sunne og Aina Basso

Nina Aalstad, Linn T Sunne og Aina Basso

— Ein fin bieffekt av å skrive ei barnebok basert på historiske fakta, er at eg har fått masse nye idear til skjønnlitterære bøker, eg trur vekselskriving er fruktbart.

Det sa Aina Basso under samtalen om historiske barnebøker under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai. IBBY fyller 60 år i år, i samband med det leia Nina Aalstad ei samtale med Linn T. Sunne og Aina Basso om korleis ein skriv historisk for barn og unge. Begge er aktuelle med historiske bøker for unge i haust.

Linn T. Sunne skriv ein historisk biografi med skjønnlitterære trekk om dronning Elisabeth 1. Aina Basso skriv ei historisk bok om hekseprosessar og heksebrenning i Europa. Bøkene har ei form som skal passe for målgruppa 10-14 år.

Linn har gått med ideen lenge, det starta med ei særoppgåve på barneskolen.

— Utgangspunktet er ei spennande og sann historie, Elisabeth misser mora tidleg, ho blir halshogd, og jenta må leva med stemødre og stesøsken. Men det var vanskeleg å finne forma. Først vart det litt kjedeleg, fordi eg ville lære bort noko. Men etter kvart skreiv eg med meir innleving i livet til Elisabeth, ut frå tankar som: korleis var dagane hennar? Korleis var forholdet til faren, kongen som let mora halshoggast? Løysinga for meg var å skille ut fakta i eigne faktaboksar.

Reseacharbeidet til ei slik bok, er omfattande, sa ho.

— Eg har lese mange bøker og gjort mykje internettsøk, men samtidig var eg redd for å gå i reseachfella, og vise alt eg har funne ut.

Aina Basso har tidlegare skrive ein roman med same tema, «Inn i elden», om ein hekseprosess i Finnmark. I den nye boka fortel ho historiene til fleire av dei som vart henretta. Ho ser ingen fare i at stoffet skal bli kjedeleg.

— Stoffet eg har arbeidd med er så spennande at fantasien ikkje strekk til.

Men det er mange omsyn å ta når ein skriv historisk, sa ho.

— Eg vil ikkje vera historieforfalskar sjølv om det er nødvendig å forenkle. Det er viktig at ikkje ungane får feil syn på kva som skjedde. Men det er mykje som er vanskeleg å forenkle, t.d. dei seksuelle historiene dei tiltalte kunne fortelja, om hopehav med djevelen. Der gjeld det å balansere, eg har valt å ikkje gå inn på detaljar.

Linn har også erfart at somme ting kan vera vanskeleg å forklare og forenkle.

— Det gjeld slike ting som maktkampen ved hoffet og religiøse maktforhold.

Kva er så forskjellen på å skrive historiske bøker og bøker frå i dag?

Linn: — Eg veit mykje om korleis situasjonen er for dagens unge, det kan vera vanskelegare å setja seg inn i korleis dei som var unge for fleire hundre år sidan hadde det. Men det er herleg å sleppe å forholde seg til sosiale medium. Når du skriv om dagens unge, må ein alltid ta omsyn til alle dei sosiale plattformene ungdommen er på.

Aina: — Eg er vant til å skrive historiske romanar, og driv alltid med mykje reseach, så eg tenkjer at det å skrive noko frå vår tid må vera kjempelett.