Bomulv er kvit, og kan ikkje gjere det som ulveungar skal kunne, difor blir han mobba av dei andre ulveungane. Den vesle ulven får vete at det ikkje finst andre ulveflokkar, så han har ver så god med å halde seg til sine eigne. Men likevel legg Bomulv ut på ei reise for å finne noen han kan vere i lag med.

Lesaren følgjer med på ferda gjennom den store skogen, der ulveungen både er lei seg og redd. Boka kan karakteriserast som ei fabelbok, i og med at historia legg opp til, og visar at dei fleste kan bli vener. Som når han treff på ein sau, som heiter Stig, og dei kjem i snakk – om venskap, at dei vandrar saman og opplever fabelaktige ting i lag.

Fabelen lar lesaren bli kjend med ulv og sau vandrande tilsynelatande trygge side ved side. Vi får også ta del i tankane dei begge ber på – om tvil og tru i den nye venskapen.

Akin Duzakin har illustrert boka med varme, uttrykksfulle teikningar som er enkle å forstå. Teksten er lettfatteleg, og boka passar både for små som vil bli lesne for, og for dei som har lært å lese, og som er glad i gode historier. For Bomulv er ei bok å lese om att og om att – då den grip inn i nærleik og venskap, og fortel at same kor dårleg utgangspunkt ein har, så kan alt endre seg dersom ein berre prøvar å utforske  kvardagen, og finne svar på dei spørsmåla ein har… Til dømes: Kva er det å ha mot?

Kine Hellebust

Njord Svendsen

Bomulv

Illustrert av Akin Duzakin

Formgjeving av Elisabeth Moseng

Samlaget 2016

32 sider