Jørn Lier Horst er forfattaren bak tre av dei sju mest selde norske barnebøkene i første halvår 2016. Men boka som toppar lista er boka Påskenøtter 2016 (forlaget Victorias). Det viser lista utarbeidd av Bokhandlerforeningen. På dei neste plassane følgjer Jørn Lier Horsts Operasjon Sirkus (Gyldendal) og søstrene Haddy N’Jie og Lisa Aisatos Snart sover du (Cappelen Damm). Denne halvårslista inneheld berre norske, og ikkje omsette, barnebøker.

Blant dei ti første på lista finn vi også Jon Ewo, Nina E. Grøntvedt og Maja Lunde.

Les heile lista på Bok365: