Eit av dei spørsmåla eg oftast får når eg er ute på skulebesøk er: «Kva fotballag heier du på?»

Ja, det er heilt sant. Då har eg stått og snakka om bøkene mine i ein times tid, og nokre elevar lurer altså kva fotballag eg finn verdig å heie på. Det er kanskje eit kompliment, at fotball, som dei elskar høgare enn livet virkar det som, er noko eg skal spørjast om. Ikkje veit eg. Eg svarer som regel vagt, vil ikkje såre nokon, seier at eg ikkje er så interessert i fotball. Så går eg vidare til neste spørsmål.

Idrettsglede? Ser ikkje slik ut.

Men sanninga er ei heilt anna. Eg hater faktisk fotball, og eigentleg all sport. Det grensar mot avskyeleg i mine auge. «Idrettsglede» er etter mitt syn eit umogleg ord. Eg var ikkje alltid slik, under vinter-OL i Albertville i 1992 så følgde eg faktisk med. Såg på Bjørn Dæhlie og Co som suste rundt på ski, eg følgde med på medaljeoversikta og skulka kanskje til og med nokre forelesingar på universitetet i Trondheim for å få med meg løpa. Men i dei to åra som gjekk mellom Albertville og Lillehammer forsvann absolutt alt av interesse.

Det kvalmande oppstyret som dukka opp før OL i Noreg var rett og slett ei endelaus rekkje med dråpar som fekk begeret til å flyte over. Etter det kan eg summere opp kva idrett eg har sett på ei hand:

Under Lillehammer OL hadde vi femmila på fjernsyn i bakgrunnen, sidan ein slektning av oss var til stades som publikum. Eg koste meg når Noreg tapte.

Eg såg tilfeldigvis Andreas Thorkildsen vinne eit OL-gull i spydkast. Det var litt kult, sidan han gjekk med strikkelue og ingen hadde forventa siger.

Vi var på ski-NM då vi budde i Trondheim, sidan kona mi sitt syskenborn skulle delta. Eg aner ikkje kven som vant, eller kva distanse vi såg. Det var kaldt og masse snø.

Eg såg tilfeldigvis Norge som slo Brasil i fotball-VM. (Eg såg halve kampen, men så såg eg halve kampen etterpå også, mot Italia, der Noreg tapte. Så dette blir vel éin kamp til saman).

Eg var heilt uforvarande på fotballkamp i London, der Arsenal slo Chelsea. Dette var ein sponsortur gjennom jobben eg hadde då. Eg ante ikkje at det var fotballkamp vi skulle på, men eg må innrømme at stemninga på Highburystadioen var ei oppleving. Sjølve kampen var gørrkjedeleg.

Eg zappa innom ein curlingfinale i OL, der ein nikotinprega gubbe med norsk drakt førte laget sitt til siger.

Det er det eg kjem på i farten, det er garantert ikkje mykje meir.

Kvifor dette hatet mot idrett? Eg har fundert mykje på det. Eg trur det er mange grunnar.

1. Eg likar ikkje konkurransar. Det betyr absolutt ingenting for meg om Noreg har dei beste handballspelarane i verda, eller kven som kan gå fortast på ski. Eg drit rett og slett i det. Men kvifor synest eg Oscarutdelinga er så fascinerande, då? Det er ikkje ein konkurranse på same måten. Det er ei heidring som vert gjort i ettertid, det er ingen som lager ein film for å vinne Oscar.

2. Eg likar ikkje at idrettsfolk blir gjort om til gudar. At ein fyllekjørar framleis dukkar opp som grillmeister i ei stor butikkjede er kvalmande. Dei har tydelegvis andre reglar enn oss. Dei får betre og raskare sjukehusbehandling for skader dei har påført seg gjennom toskete oppførsel. Dei er dårlege forbilder.

3. Eg likar ikkje ordet folkefest. Det var noko av dette som gjorde oppkjøringa på Lillehammer som ekkel. Alle gjekk visstnok rundt og gleda seg! Det slutta eg gradvis med. Til eg byrja grue meg.

4. All merksemda idrett får i media er berre heilt latterleg. Det byrjar å gå rette vegen no, når sport forsvinn inn på betalingskanalar. Det er der dette høyrer heime. Men eg får ufrivillig med meg alt for mykje uinteressante sportsresultat.

5. Eg misliker at barn og unge blir tvinga inn i dette. Dei kaller det idrettsglede og leik. Men målet er jo alltid å vinne, og ein leik kan du pr. definisjon ikkje vinne. Det finnest heilt sikkert flinke trenarar og idrettsleiarar rundt om kring som tar vare på barna, dette seier eg fordi eg generelt trur godt om folk, men det finnest også dei som påtvingar og står og skråler langs sidelinja. Eg seier ikkje at alle er like flinke på banen uansett, for det er dei sjølvsagt ikkje. Eg var ein kloms i gymtimane. Men er du ikkje på banen i fotball, så er du liksom ikkje noko.

6. Tilbake til dette med konkurransar som eg sa i punkt 1. Men dette kan ikkje nemnast for ofte. Eg misliker at barn og unge blir opplært til å knuse andre. At det å vinne er det einaste viktige, at dette konkurranseinstinktet framleis skal vere så ektstemt dominerande. Saman med religion er det nettopp konkurranseinstinktet som skaper krig i verda. Det å alltid vere best, sjølv om du berre er eitt hundredel raskare enn nummer to. Kva med samarbeid, jobbe mot eit felles mål, å betre seg sjølv som menneske?

Men det kan du jo gjere på eit fotballag, seier du. Ja, men for å nå dette målet må du knuse alle dei andre laga. Dette gjer du ikkje om du lar ungane drive med musikk, teater eller kunst. I alle fall ikkje viss du gjer det rett. Konkurransar dukkar opp innan kunst også, dessverre.

7. Korrupsjonen vi ser i store meisterskap er heilt motbydeleg. Eg er så glad for at Noreg tapte kampen om eit nytt OL. Dette bilde frå Rio burde vere nok til å illustrere konstrastane. Eg fattar ikkje at deltakarane har moral og etikk til å vere med på noko slikt.

8. I tillegg kjem supportervald, sykkel-VM i Bergen, pengebruken, skiløparsnørr, dårlege idrettssongar (med unntak av Shakira), menneskehandel og ein heil del andre ting.

Eg trur ikkje eg vinn denne kampen mot idretten, denne galskapen vil alltid vere der, og eg har som sagt ikkje noko særlig til konkurranseinstinkt. Men eg synest dyrkinga av idrettsheltar som gudar er umoralsk, store arrangement som VM og OL er uetiske og til sjuande og sist betyr det ingenting kven som vinn.

Sånn! No har eg bruk akkurat så mykje energi som idretten fortener at eg brukar. Eg går heller på kino og ser Star Trek.