Foto: Cappelen Damm

Foto: Cappelen Damm

Forfattarane har dei siste åra fått ei utvida rolle, dei fleste tar meir aktivt del i marknadsføringa og reklamerer så godt dei kan for eigne bøker. Kampen for å bli synleg er hardare, både forlag og forfattarar erfarer at terskelen både til medieomtaler og bokhandlar er høgare. Men kor mykje blir det forventa av oss? Kva gjer forlaga? Korleis trivst vi som eigne marknadsførarar? Og kan vi hente gode tips hos andre? NBU (aksjonsgruppa) har nettopp arrangert Bli synleg-kurs, og kanskje treng vi meir opplæring?

NBU-sida har spurt barne- og ungdomsbokforfattarar med fleire bøker bak seg om erfaringar frå marknadsføringa. I dag: Marit Kaldhol. Marit Kaldhol frå Ålesund debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken, og har seinare gjeve ut ei rekkje bøker for barn og ungdom, i tillegg til bøker for vaksne.

— Kva gjer du av eigen marknadsføring, på sosiale medium eller andre måtar? kaldhol3

— Meir enn tidlegare, sidan eg kan legge ut omslag av nye bøker på facebook, og av og til lenkjer til omtalar eller arrangement.

Kva forventar forlaget at du sjølv skal gjera når du gir ut ei bok?

— Det er uklart, utanom å stille opp til intervju el. bokprogram viss/når eg blir beden om det.

Kva gjer forlaget?

— Forlaget gjer mindre enn eg ønsker, og mindre enn tidlegare; ingen annonser lenger, lite aktive for å skaffe intervju, lite for å skaffe oppdrag på festivalar o.l.; når eg får prisar eller gode omtalar, lèt dei vere å utnytte desse positive hendingane i marknadssamanheng – altså opplever eg marknadsføringa som passiv; samlekatalogen er hovudsatsinga.

kaldhol2Korleis trivst du med å reklamere for eigne bøker?

— Poste på facebook er greitt, men eg føler det er grenser for kor mykje eg kan gjere av det; kontakte avisredaksjonar for intervju m.m. får eg meg ikkje til.

Har du nokon tips til kollegaer om kva dei kan gjera?

— Etter mi meining er vi med på å løne marknadsavdelinga for å framsnakke bøkene våre, noko vi kan minne dei på med jamne mellomrom; elles gjeld det å dele informasjon på sosiale media.

Kor viktig vurderer du at marknadsføring på sosiale medium er?

— Viktig, særleg i tilfelle der boka har ei tydeleg identifiserbar målgruppe, men kan ikkje vere det einaste som skjer.

Kva tenkjer du er det viktigaste som skal til for at ei bok skal bli kjent, ev selja?

— Omtale i media, at forfattaren er synleg og med på mange arrangement, og at bokhandlarane trur på boka – ei tru som forlaget må formidle.kaldholbok1

Korleis var marknadsføringa på di siste utgjeving (som døme) – kva gjorde forlaget og du sjølv?

— Laber, gjennomsnittleg innsats frå forlagets side, også etter at boka mottok ein pris og blei seld til utanlandsk forlag; gjennom å kontakte lokale bibliotek og NF, fekk eg presentere boka på eit par arrangement med påfølgjande avisomtale av det eine; elles postar eg det eg kan på facebook.

Les også:

Å reklamere for eigne bøker: Bente Bratlund

Å reklamere for eigne bøker: Mari Kjetun