skrift2I år fyller den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu ti år, og i samband med det gjev festivalen, i samarbeid med NBU, ut eit skrift.

Nesten kvart år har festivalen på Stord hatt spesielt fokus på eitt forfattarskap, i alt ni forfattarar.  Desse forfattarane har skrive kvar sin artikkel til skriftet, med tankar rundt eigen forfattarskap, eller om å skriva for barn og unge.

Dei ni er Bjørn Sortland, Ragnar Hovland, Einar Økland, Maria Parr, Erna Osland, Hans Sande, Ingelin Røssland, Oskar Stein Bjørlykke og Rune Belsvik.

Skriftet har undertittel «Kjærleik til nynorsk barnelitteratur gjennom ti år», redaktør for skriftet er Mari Moen Holsve. Camilla Kuhn har illustrert det.

Barnebokkritikk.no har skrive om skriftet:  Ein stødig og småblyg jubilant