innsiden2NBU gav nyleg ut eit nytt nummer i skriftserien sin, årets nummer er BU16. Skriftet vart lansert på medlemsmøtet i oktober.

Skriftet inneheld fire essays eller artiklar, to intervju, dikt, illustrasjonar og barnebokquizen frå litteraturfestivalen på Lillehammer 2016.

Simon Stranger skriv om korleis han vart ein lesar, og kva lesinga kan ha å seia, på godt og vondt. Taran L. Bjørnstad tar tak i omgrep som ungdom, unge vaksne, young adult og crossover. Artikkelen byggjer på foredraget han hadde om same temaet på NBU-seminaret på litteraturfestivalen på Lillehammer.

Harald Nortun skriv om kunsten å mislykkast, om kjønn og målform. Svenske Jessica Schiefauer skriv om kva ho meiner ein ungdomsroman eigentleg er, og kva fordommar den møter.

Poeten i denne utgåva av BU-serien er Jan Grue, han bli også intervjua om det å skrive poesi for barn.

Det andre intervjuet handlar om å laga bøker utan ord, Linn T. Sunne snakkar med Lene Ask og Mari Kanstad Johnsen, som begge har arbeidd med å skrive heilt ordfritt.

Alice Lima de Faria har illustrert heile BU16.

Redaktørar for skriftet er Elen Betanzo og Linn T. Sunne.

For dei som ikkje er NBU-medlemmer (og dermed får skriftet gratis), kan BU16 tingast frå NBU:

NBU, Postboks 261, Sentrum, 0103 Oslo

epost: sekretariatet@nbuforfattere.no

Tlf 22 47 85 70