Foto: Marte Garmann Johnsen

Foto: Marte Garmann Johnsen

— Å skape merksemd for barne- og ungdomsbøkene er eit mykje større og meir komplekst felt enn vi først trudde.  Det seier Vera Micaelsen, som har leia aksjongruppa som NBU sette ned våren 2015. Målet var å arbeide for å gjera barne- og ungdomsbøker meir synlege. I dette intervjuet oppsummerer ho arbeidet i gruppa.

– Da de starta arbeidet, kva såg de som viktigaste oppgåva å ta tak i?

— Oppdraget var å skape meir merksemd kring dei norske bøkene. Og vi oppdaga fort at det var naudsynt å setje seg inn i korleis hele bransjen fungerer. Det var mykje vi ikkje hadde kjennskap til. Vi ville forstå korleis forlaga og bokhandlarane eigentlige jobbar, kva dei faktisk kan gjere, kva de ikkje kan gjere og kva dei gjer. Vi ville forstå heile livsløpet til boka.

–  Korleis har de jobba i forhold til bokhandlarane?

— Vi kontakta alle dei store kjedane, og hadde møte med fleire. Vi trefte  marknadsavdelingane og snakka med dei som jobbar med bokråd og innkjøp. Ettersom det har vore ein del turbulens mellom forfattarane og bokhandlarane,  bestemte vi oss for å vere tydelege på at vi kom i fred. Vi ville forstå og ha ein god dialog, ikkje konfrontere. Målet var å finne ut korleis vi kan jobbe betre samen for å nå felles mål. Bokhandlarane ynskjer også å at våre bøker skal selje.

–  Kva har vore det vanskelegaste å få til?

— Det vanskelegste har vore å finne ut kva vi konkret kan gjere. Kva kan vi gjere enkeltvis, saman, og kva er det faktisk mogleg å endre. Problemstillinga er samansett, og det er lett å bli motlaus. Vi skulle kanskje ynskje vi kunne gi medlemmane meir håp og fleire handfaste tiltak. Personleg er eg ukueleg optimist, og eg trur alltid det er mogleg å gjere ting betre.

–  Kva har vore det mest positive med arbeidet?

— Det har vore veldig lærerikt, vi har forstått mykje som var heilt ukjent for oss. Og det kjennes meiningsfylt å arbeide med noko som er så viktig og har eit sympatisk mål. For om vi kan lykkast med å skape større merksemd kring bøkene, så vil dei også nå ut til fleire born, og det er jo det vi vil mest av alt.

–  De har også jobba overfor forlaga, kva har de fått ut av det?

— Eg vonar at vår interesse og ynske om dialog både har gjort dei merksame på at vi vil samarbeide, og at vi også forventar at dei jobbar aktivt med problemstillingane. Og så har vi oppdaga fleire ting som kan bidra til å gje forfattarane ei riktigare forventning om kor mykje bøkene våre kan selja. Det svir å høyre kor lite ei bok faktisk sel, og kor utfordrande marknaden er, men det gjer at utgangspunktet for vidare arbeid blir meir realistisk. Det er også ein oppriktig kjærleik for bøkene våre i forlaga, sjølv om den ikkje alltid er synleg og lett å forstå.

–  Andre grupper/organisasjonar de har jobba med?

— Vi har snakka med Forfattersentrum og Forenigen !les også, både om idear til vidare samarbeid og aksjonar.

–   Ei av oppgåvene de jobba med, var å laga eit seminar, som vart halde i haust, og som mange medlemmer deltok på –

–  kva kom ut av den delen som handla om bokhandlarane og synleggjering av bøker?

— Eg trur det er særskilt to ting dei fleste sat att med, den eine var ein kalddusj over kor få bøker vi kan forvente å selja, og samtidig kor enorm breidde det er. Som bokhandlarane sa; størsteparten av salet er smurt tynt ut på ei rekkje bøker, og så utgjer dei få titlane som sel mykje, ein mindre prosent samla. Det andre poenget var at det nyttar å stå på for eigne bøker. Alle monnar drar, og det er tydeleg at dei som jobbar aktivt med å synleggjere sine eigne bøker bidrar positivt til eige sal.

– Ein viktig del av seminaret var å gje råd og lærdom om det forfattarar sjølve kan gjera for bøkene sine – kva la de vekt på her?

— Det var mange saker, både korleis ein kan jobbe med sosiale medium for å gi merksemd til bøkene, kva som skjer i dei mystiske bokråda, og korleis ein kan fokusere på målgruppa og ta kontakt tidleg med marknadsavdelinga i forlaga, slik at dei kan starte tidlig og jobbe målretta med boka. Mange erfarar at vi kavar rundt på sosiale medium utan å oppnå noko anna enn å halde våre eigne vener oppdatert, men så vert det også trekt fram døme på folk som har jobba systematisk og godt, og som haustar av det. Det er ikkje nok å fortelje verda at boka di finst, det handlar kort sagt om å skape nysgjerrigheit rundt boka, tema og ditt forfattarskap, og til ein viss grad din person.

– Korleis vil du oppsummere seminaret, alt i alt?

— Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, eg tenkjer at dette er starten på noko meir, både i vårt mål om å gje forfattarane djupare innsikt i bokbransjen, og ein retningsgivar for framtidig arbeid.

— Etter eit år eller halvtanna – kva vil du oppsummere som den viktigaste erfaringa?

— At dette er mykje større og meir komplekst enn vi først trudde. Og at målet er verdt å kjempe for, men at vi må leggje stein på stein. Alle vil det same, det er ingen i bransjen som motarbeider oss, men det er sterke krefter, mange folk og mange viljer. Vi må jobbe systematisk, og ikkje gje oss, for eg er overbevist om at vi kan gjere meir for å skape ein større kjennskap til det fantastiske mangfaldet av litteratur for barn og unge som blir skapt her til lands.

–  Korleis er stoda for barne- og ungdomsbøkene – kva skal til for at dei blir meir synlege?  

— Vi er på den eine sida inne i ein gullaldar for denne litteraturen, aldri før har det vorte gjeve ut fleire bøker, og bokhandlarane fortel at barne- og ungdomslitteraturen er den som aukar aller mest i omsetning. Samstundes er det no fleire forfattare som gjev ut, og sterkare konkurranse. Tilbodet av omsett litteratur veks og krev også sin plass. Det er fokus på lesing i heile samfunnet, frå øvste politiske hald til skolar og foreldre, difor er eg overbevist om at vi har ein gyllen sjanse til å auke fokus og merksemd. Meir kortreist litteratur til barn og unge.

–  Kva kan gjerast vidare framover?

Vi har vore i dialog med bransjen om ei eiga satsning på norsk litteratur i sommarferien, litt etter modellen i Sverige, der har dei gjort haustferien til ei litteraturveke for barn og unge, og eg vonar vi kan få til noko liknande. Vi har og ambisjon om å trenge djupare inn i bransjen og sjå på dei kulturpolitiske aspekta. Og i dag høyrde eg om Stuntpoetane og geriljaarbeidet deira på 80-talet, og da blei eg inspirert, det hadde vore moro om vi kunne laga litt rabalder og!

I aksjonsgruppa er også Aina Basso, Mahmona Khan, Eldrid Johansen og Eivor Vindenes.