Det kjem ut færre bøker for barn og ungdom, og det er særleg heilt nye norske barne- og ungdomsbøker som taper terreng. Det viser ein statistikk Barnebokinstituttet har laga over bokutgjevingar for barn og unge i 2015.

Statistikken er basert på oversikter som Nasjonalbiblioteket har utarbeidd for Norsk barnebokinstitutt.

I alt var det 1116 utgjevingar 2015, det omfattar både nye og tidlegare utgjevne, men ikkje nye opplag og ikkje skolebøker. Talet på utgjevingar har ikkje vore lågare sidan 2007.

Ein fjerdedel av alle bøkene som kom ut i 2015 var bøker som kom ut på nytt (275 av 1116). Desse utgjorde 28 % av dei omsette bøkene (189 av 671) og 19 % av dei norske (86 av 445).

Av alle bøkene for barn og unge frå 2015 var:
359 nye norske bøker
86 norske gjenutgjevingar
482 nye omsette bøker
189 omsetjingar utgjevne på nytt

Til samanlikning vart det i 2013 gjeve ut 401 nye norske bøker, i 2014  386 nye norske bøker, mens det i 2015 berre vart gjeve ut 359 nye norske bøker.

Nynorske utgivelser

61 av dei 1116 utgjevingane var på nynorsk, berre 5,5 %.
45 nynorske bøker er nye, 16 er utgjevne på nytt.
42 er norske, 19 er omsetjingar.

I tillegg til dei 1116 utgivelsene på norsk, vart det i 2015 gjeve ut 17 bøker på samiske språk. Berre fem er heilt nye bøker som er skrivne på samisk, alle på nordsamisk.

Les meir om kva slags barne – og ungdomsbøker som kom ut i 2015 på barnebokinstituttet.no:

Les også artikkel i Klassekampen: Norske bøker på retrett