Foto: Marius Knutsen

NBU fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt feirast og markerast på ymse vis. I samband med jubileet intervjuar vi medlemmene. I dag: Atle Hansen. Atle har vore medlem i NBU i 15-16 år.

Kva betyr NBU for deg?

Å vera medlem i NBU har vore viktig for meg som person og for forfattarskapen min, på mange måtar. Eg har møtt mange kjekke folk som eg elles kanskje ikkje hadde møtt, eg har fått mange gode og nære venner, og eg har hatt det frykteleg kjekt på veldig mange møte og samkommer. Eg er også med i laget til dei vaksne forfattarane, hadde eg nær sagt, og har vore på nokre møter der utan å finna meg til rette. Det er arenaen for dei med store namn og større ego, tenkjer eg, NBU er ein heim med opne dørar og med mange varme smil og opne armar. Eg føler meg vel der, eg treng ikkje visa meg, gjera meg til, eller vera ein annan enn den eg er.

Eg har også fått vera med å setja meg inn i og diskutera barne- og ungdomslitteratur – og lært utruleg mykje av det – med skarpskodde lesarar og forfattarar i Det litterære rådet gjennom fem fine år. Der har eg også fått den store æra og gleda å vera med på å dela ut store og små stipend og slik bidra til at gode forfattarskap skal få leva vidare og utvikla seg. Så har eg også vore så heldig og fått nokre stipend sjølv opp gjennom åra, både arbeidsstipend og diversestipend, som har gjort livet og skrivinga lettare. Til sist, det alle viktigaste, NBU har vore med å gjera livet mitt som forfattar også tryggare, gjennom å dagleg jobba for betre og tryggare forhold for oss som skriv. Det er kanskje det viktigaste av alt.

Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?

Første gongen eg møtte i det litterære rådet sitt seminar på Lillehammer og fekk diskutera bøker med ein gjeng litterære tungvektarar som hadde lese grundig og argumenterte skarpt og reflektert. Det var ein rein fest. Elles er det årsmøta og medlemsmøta som eg har vore på, om ikkje kvar gong, og hatt det kjekt saman med kjekke folk. Mange seine festar med song rundt pianoet til Hovland må nemnast, og etter at alle hadde gått og lagt seg – Jan Deberitz og eg med kvar vår røyk og eit siste glas vin utanfor hotelldøra på Leangkollen medan morgonen kom tuslande gjennom skodda.

Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?

Viktigare og viktigare. Eg debuterte seint, som 43-åring og er nesten nett på fjorden rodd som forfattar. I alle fall kjennest det stundom slik. Like glad kvar gong eg får gitt ut ei bok. Like spent på om nokon kjem til å lesa og lika det eg skriv. Draumen har vore å skriva på heiltid.  No har eg slutta i fast jobb, tek ut pensjon, og håpar å kunna skriva i mange år enno.

Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?

Fleire og fleire barne- og ungdomsbokforfattar kjem til. Sjølv om all slags digitale medium vil ta merksemda vekk frå boka og papiret, og om boka kjem til å verta borte, noko eg ikkje har det minste tru på, så vil forfattarane finnast. Me treng ein stad å samlast, me treng ein organisasjon som arbeider for vår sak, og me treng ein stad å diskutera fag og politikk – og ein stad å feira oss sjølve. Eg trur NBU vil bli veksa seg større og sterkare, og eg meiner at me må seriøst og grundig diskutera medlemskriterium og opptakskrav.  Skal me ha faglege minstemål, eller skal me vera opne for alle som skriv bøker for barn og unge. Eg tenkjer at dette er ein diskusjon som har vore der alltid, og som stundom kjem opp til overflata, men som aldri er vorten gjort grundig nok.

Har du noko ønske for NBU? 

At me vert større, sterkare og får meire stipendmidlar til rådvelde og at det framleis skal vera like hyggjeleg, ope og inkluderande på møta i laget.