På årsmøtet i NBU 1. april kjem det opp forslag om å endre fordelinga av Bibliotekvederlaget, slik at meir skal gå til varierte stipend, mindre til grunnstipend. Per i dag går 2/3 til grunnstipend, forslaget går ut på at det skal bli fordeling 50-50.

19 NBU-medlemmer står bak forslaget, som lyder slik:

Det har frå starten vore avklart at Bibliotekvederlaget er eit kulturpolitisk verkemiddel for å stimulera til nyskaping. Rett nok har bokstamma i norske bibliotek danna grunnlag for fastsettinga av vederlaget, men det har ikkje på noko tidspunkt vore opphavsrettsleg begrunna. Derfor erstatta NBU for nokre år sidan utbetalinga av bibliotekvederlag med eit grunnstipend som det må søkjast om årleg.

Lenge var fordelinga slik i både NBU og DnF at 2/3 gjekk til grunnstipend og 1/3 til varierte stipend. Dette forholdet har ved to høve dei siste 10 åra blitt endra av årsmøtet i DnF, sist i 2015, då fordelinga blei fastsett til 45% til grunnstipend og 55% til varierte stipend.

Det er nødvendig å finna midlar til fleire varierte stipend og arbeidsstipend, særleg for å gi unge lovande forfattarar arbeidsrom til å utvikla skrivinga si – noko som også er i pakt med intensjonen med vederlaget. Dette har DnF teke konsekvensen av, og det er no på tide at NBU snarast gjer det same. Talet på nye medlemmer aukar, forfattarinntektene går ned, og med ein stadig meir kommersialisert bokbransje er det vanskelegare enn før å setja av midlar til skriving for nye og unge forfattarar.

Underteikna gjer framlegg om følgjande endring i ”Statutter for NBUs vederlagsfond”, punkt 3: ”Grunnstipendenes andel av vederlagsfondet er 50%”.

 Frøydis Alvær    Widar Aspeli    Gro Dahle    Harald Rosenløw Eeg    Jon Ewo      Nina Elisabeth Grøntvedt    Hilde Hagerup    Sissel Horndal    Mahmona Khan   

Per Olav Kaldestad    Mette Karlsvik    Dag Larsen    Stein Erik Lunde           Vera Micaelsen    Svein Nyhus    A. Audhild Solberg    Kari Stai                      Tyra T. Tronstad    Liv Marit Weberg  

 Innstilling frå styret:

NBU har på sitt styremøte behandlet dette forslaget og vil tilrå at det blir vedtatt. Som det heter i forslaget er Bibliotekvederlaget kulturpolitisk begrunnet og styret mener at det nå vil være riktig at en større andel av vederlaget går til stipendmidler for forfattere med et aktivt forfatterskap. Styret synes forslaget er fremtidsrettet og vil gi flere forfattere mulighet til å skrive ny litteratur. Vi oppfordrer årsmøtet til å stemme for forslaget.