Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet for 2016 er tildelt Gudrun Skretting. Utdelinga av prisen skjedde under NBUs årsmøte på Leangkollen 1. april.

Gudrun Skretting får prisen for boka ”Anton og andre uhell”.

Grunngjevinga frå juryen:

Rådet har i fleire år etterlyst meir humor i barnebøkene, sjølvsagt har det vore unntak, men trenden har vist mykje alvor og tungsinn. Då er det ekstra herleg at årets vinnar er ei skikkeleg morosam bok. Og ikkje berre slik at du humrar for deg sjølv mens du leser. Du kan faktisk finne på å gapskratte, seie høgt «Huff!» og gremmast litt over pinlighetane.

Hovudpersonen i årets vinnar får vite at han ikkje var planlagt, og han byrjar å filosofere rundt dette. Mamma blei påkøyrt, og far er einsleg oppdragar. Han er liten, seint utvikla og har pipete stemme. Han føler seg generelt som eit einste stort ulykkestilfelle. I tillegg er far altfor trist, synest han. Han bestemmer seg for å finne ei dame til far, så saman med den handlekraftige bestevenen Ine heng dei opp ei kontaktannonse på butikken, og det tikkar inn med tekstmeldingar frå einslege kvinner. Problemet er korleis fortelje dette til far, og korleis få far til å tru at desse kvinnene ikkje er kundar til hyttetoalettfirmaet hans.

Ja, det er litt toaletthumor her, men det funkar. Det same med den heilt enormt pinlege seksualundervisninga på skulen, der hovudpersonen skal halde presentasjon om prevensjon. Stakkars gut.

Du føler verkeleg med hovudpersonen, Anton. Du vil at det skal gå han vel. For den leikne humoren og den litt tafatte og pinglete Anton er umulig å ikkje bli sjarmert av. Og under pinlighetane ligg heile tida sårheten i vere litt utanfor og i det å prøve så godt du kan for dei du er glad i. For så å gå på trynet gong etter gong. Og det er ikkje vanskeleg å kjenne seg igjen, i alle fall ikkje for det litterære rådet! Og det er denne sårheten som hevar boka opp til å bli så mykje meir enn rein slapstick (sjølv om det kan vere morosamt, det òg). Anton er ein fyr du blir glad i.

Dette er i tillegg herleg godt skrive av debutant Gudrun Skretting. Ho blandar pinlighetane med små kvardagsfilosofiske stikk, utan å moralisere og undervise. Det er berre feel-good heile vegen. Du blir varm og god inni deg når du les, og du ler høgt fleire gonger. Gapskrattar til og med.

Trollkrittet ble innstiftet av årsmøtet i 2010 og er foreningens pris til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbokdebutant. Prisen deles ut for sjuende gang 1.april på Leangkollen Hotell i Asker. Prisen består av 25 000 kroner og et diplom. Diplomet er laget av Stian Hole.

Prisjury er Norske Barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd.

Navnet Trollkrittet er hentet fra Zinkens Hopps bok ved samme navn. Boken kom første gang i 1948 og regnes som et høydepunkt i norsk nonsenslitteratur.