Årsmøtet i NBU 1. april vedtok å endre statuttane for NBUs vederlagsfond, slik at meir skal gå til varierte stipend, mindre til grunnstipend. Før endringa gjekk 2/3 til grunnstipend, den nye ordninga inneber at fordelinga blir 50-50.

Grunnstipendet er det delen av vederlaget som forfattarane får utbetalt kvart år for utgjevne bøker, det har dei siste åra som oftast legi på mellom 1000 og 1500 kroner for kvar bok, denne summen blir heretter noko mindre. På den andre sida vil det bli midlar til fleire varierte stipend.

Mange årsmøtedeltakarar engasjerte seg i ordskiftet om saka, dei som ville halde på den tidlegare ordninga, la vekt på kor mykje grunnstipendpengane betyr for dei. Det vart lagt fram forslag om å utsetja saka og utgreie den vidare. Etter ei skriftleg avstemming vart så ny fordeling vedtatt.

19 NBU-medlemmer stod bak forslaget, som også styret slutta seg til.

Vedtaket gjeld punkt 3 i ”Statutter for NBUs vederlagsfond”: ”Grunnstipendenes andel av vederlagsfondet er 50%”.

Grunngjevinga frå forslagstillarane:

Det har frå starten vore avklart at Bibliotekvederlaget er eit kulturpolitisk verkemiddel for å stimulera til nyskaping. Rett nok har bokstamma i norske bibliotek danna grunnlag for fastsettinga av vederlaget, men det har ikkje på noko tidspunkt vore opphavsrettsleg begrunna. Derfor erstatta NBU for nokre år sidan utbetalinga av bibliotekvederlag med eit grunnstipend som det må søkjast om årleg.

Lenge var fordelinga slik i både NBU og DnF at 2/3 gjekk til grunnstipend og 1/3 til varierte stipend. Dette forholdet har ved to høve dei siste 10 åra blitt endra av årsmøtet i DnF, sist i 2015, då fordelinga blei fastsett til 45% til grunnstipend og 55% til varierte stipend.

Det er nødvendig å finna midlar til fleire varierte stipend og arbeidsstipend, særleg for å gi unge lovande forfattarar arbeidsrom til å utvikla skrivinga si – noko som også er i pakt med intensjonen med vederlaget. Dette har DnF teke konsekvensen av, og det er no på tide at NBU snarast gjer det same. Talet på nye medlemmer aukar, forfattarinntektene går ned, og med ein stadig meir kommersialisert bokbransje er det vanskelegare enn før å setja av midlar til skriving for nye og unge forfattarar.