NBU fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt feirast og markerast på ymse vis. I samband med jubileet intervjuar vi medlemmene. I dag: Mette Karlsvik. Mette har vore medlem i NBU i om lag to-tre år.
Kva betyr NBU for deg?
NBU er noko snilt i ei uroleg verd. Eg innbiller meg at NBU vil opne døra og invitere meg inn til brødskive med brunost om alt gjekk åt skogen. Korleis dette skulle skje, reint praktisk, er ikkje så viktig.
Det viktige er å ha slikt å tenkje på i svevnlause netter.
Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?
Då eg var på første årsmøtet mitt fekk eg sitje på bord med styret under middagen og med folk frå Rådet til lunsj. Eg minnest at middagen var særs triveleg, og at eg grudde meg litt til lunsjen med Rådet. Då måtte eg prestere og vise meg som ein person som kunne skrive verk av litterær verdi, tenkte eg. Men så glømte eg det snart fordi dei var jo berre folk dei også, som skulle ete litt og drikke litt og prate om veret.
Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?
Å lage bøker har blitt jobben min. Ein arbeidplass som eg sjølv skapar.
Eg kjenner det som at eg eig livet mitt og prosjekta mine. Å få lov til å vere forfattar har blitt viktig.
Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?/ Har du noko ønske for NBU?
Eg opplever NBU som svært sterke, forut og engasjerte på fag og formidling av faget. Eg skulle ønske meg at foreninga tok meir iniativ i litteraturpolitikk, og, i større grad, sett agendaen.