Foto: Bjarte Bjørkum/Samlaget

— Det byrja eigentleg med teikningane. Eg har alltid vore glad i å teikne. Opp gjennom ungdomstida merka eg at også ord kunne vere artige å leike med. På eit tidspunkt i studietida vart eg onkel, samstundes med at eg arbeidde i barnehage og gjekk på lærarhøgskule. Når eg i tillegg var svak for kombinasjonen tekst/bilete, peika barn seg ut som ei naturleg målgruppe.

Det seier Vegard Markhus, som nyleg vart medlem i NBU, til spørsmålet om kvifor han valde å skrive for barn.

— Etter kvart har det vist seg fleire fordelar med å skrive for eit ungt publikum. Til dømes er det å oppleve at bøkene vert lest eit tresifra antal gonger av same person, ein ekte barnebokforfattarluksus.

Vegard Markhus debuterte med bildeboka «Redd» i 2008 og har skrive og illustrert i alt seks biletbøker for barn.

— Eg håpar det er ein fellesnemnar for bøkene at dei opnar for både gjenkjenning og overrasking. I ei av bøkene, Timothy mister seg sjølv, er det til dømes ein mann som mister ei tann, før han seinare mister både armar, bein og det som verre er. Denne våren kom Ei kjedeleg bok, som handlar om ein kar som er misfornøgd med boka han har havna i. Boka er ein tommel opp til keisemd og fantasi.

—  Kvifor ville du bli forfattar?

— I utgangspunktet ville eg nok ikkje bli forfattar. Første boka laga eg som ei fordjupningsoppgåve på lærarhøgskulen. Det var først når nokon sa at eg burde sende boka til eit forlag, eg kom på at dette var ein moglegheit. At eg faktisk kunne lage heilt ekte bøker, heilt sjølv. Og når forlaget sa ja, merka eg kor kjekt det var. Eg fall pladask for både den skapande delen og formidlingsbiten, og skjøna fort at dette skulle eg gjere igjen!

— Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

— Eg er nok ganske oppteken av dette med høgtlesing, og det er ein ting som ligg langt frame i medvitet medan eg skriv. Eg hugsar godt kor godt eg likte å verte lest for då eg var liten. Å krype opp på eit fang og høyre på ei god bok. Eg håpar eg kan vere med å gi ungar slike pausar, og at bøkene samstundes kan så nokre nye tankar ein kan prate saman om.

— Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

— Når eg ikkje skriv, likar eg best å finne fram gitaren og skru lyden like høgt som eg gjorde for femten år sidan. Og så likar eg å kome på at eg har fabelaktige ungar som ligg og søv og ein rik leigetakar som ikkje søv. Då skrur eg ned lyden, men eg sluttar ikkje å spele.

— Kva forventningar har du til NBU?

— Ryktet fortel at dei som er med i NBU er skrekkeleg hyggelege og hjelpsame folk. Så eg forventar ein stor gjeng med skrekkeleg hyggelege og hjelpsame folk!