NBU fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt feirast og markerast på ymse vis. I samband med jubileet intervjuar vi medlemmene. I dag: Tor Arve Røssland, leiar av Det litterære rådet og medlem sidan 2001.

Foto: André Soltvedt.

– Kva betyr NBU for deg?

– NBU betyr først og fremst samhald. Både sosialt og fagleg. Dei siste fem åra har sjølvsagt arbeidet i Det litterære rådet hatt mykje å seie. Det har vore med å utvikle meg som både lesar og forfattar. Det å måtte lese bøker ein ikkje likar er faktisk minst like lærerikt som å lese noko ein elskar. Å få utfordra nokre litterære fordommar er alltid godt.

– Men det eg har likt best er nok å møte NBU-folk i andre samanhengar. NBU-møta har gitt meg mange nye vener, som det er artig å møte anten på turné, eller på ein litteraturfestival, eller rett og slett berre på gata.

– Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?

– Ingen konkrete minne, kanskje den gongen eg tømte minibaren til Sverre Henmo under årsmøtehelga, men stort sett handlar minna om gode samtalar og gode vener.

– Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?

– Viktigare og viktigare, men eg er ikkje ein slik type som må skrive heile tida. Eg skriv når eg har idear som er viktige for meg, og som eg merkar funkar. Kombinasjonen av skriving og formidling av eigne bøker er vel det som fyller mesteparten av tida mi. I tillegg til å lese alle bøkene til medlemmene, sjølvsagt.

– Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?

– Eg håper jo NBU går framover, og ikkje bakover. Nye og gode tankar bør omfamnast, nye bruksområder for både styre- og rådsmedlemmer bør oppmuntrast til, og ikkje kvelast ved fødselen. Dei tillitsvalde har ein enorm ekspertise, spesielt etter nokre år, og dette bør utnyttast fullt ut, og ikkje stengast inne bak låste dører.

– Har du noko ønske for NBU?

– Tenke litt nytt på ein del ting, det er kanskje mitt høgaste ønske. Ikkje heile tida sjå utelukkande på fortida, sjølv om vi ikkje skal vere heilt historielause, heller. Omfamne yngre og nye medlemmer, oppfordre dei spesielt til å kome på årsmøter og medlemsmøter. Kanskje av og til ha eit møte berre med aktive forfattarar?