Kine Hellebust blei spurd om om ho kunne vere NBU sin observatør med talerett under Landskonferansen til Nordisk forfatter- og oversetterråd i Sverige i slutten av mai. Her er hennar rapport frå 30. og 31. mai.

Sigtunastifelsen. Foto: Kine Hellebust

Det var gode samtalar i pausane, spørsmål og nyfiken orientering både i landskapet omkring vakre Sigtunastiftelsen og omsettarar og forfattarar frå Færøyane, Island, Finland, Danmark, Sverige og Noreg. Kort sagt: Heile det nordiske riket.

Og rikt er det. I alle fall vil styresmaktene framstå som rike.

Dei to dagane konferansen vara, blei det derfor snakka mykje om pengar, rikdom, på alle språk og dialektar. Ord som ”vidrighet”, ”forandringer”, ”magert utrymme” og ”indignation” var kanskje oftast brukt. Men vi snakka mest om den nye tida vi er inne i. Lovverket i kvart land, endringar av den. Kanskje på grunn av NPM (New Personal Management). Den metoden der alt skal reknast ut etter innsats. Økonomien delast opp og reknast ut frå andre prinsipp enn vi er van med.

Og sist, men ikkje minst snakka vi om dei nye plattformene, med sine format og sitt innhald.

Første dag gjekk med til å bli kjende med kvarandre og sine lands økonomiske avtalar – eller mangel på desse. Vi delte røynsler på godt og vondt. Mest heile tida, unnataket var då vi blei invitert på ei byvandring i Sveriges eldste stad – Sigtuna.

Byvandring i regn i Sigtuna. Foto: Kine Hellebust

Svensk-finske omsettarar fortalte styresmaktene ikkje hadde forståing for at omsetting av eit litterært kunstverk også er eit kunstverk på eit anna språk. Dei såg på det som ein jobb. Når omsettinga var ferdig, var jobben gjort, og den avtalte summen for arbeidet blei utbetalt. Punktum.

Dersom den omsette boka blei så populær, skulle ikkje omsettaren få prosentar av sal eller vidaredistribuering, som at forlaget sel omsettinga til e-bokforlag og strøymeteneste og på det viset utvidar eigen marknad. Forlag og styresmakter er veldig einige i at sjølv om formatet (les: åndsverket boka) endrar seg, er det ikkje meirarbeid for omsettarane, og derfor skal dei heller ikkje ha ekstra betalt for nye opplag.

Tore Slaata. Foto: Kine Hellebust

Nytilsett generalsekretær Tore Slaatta i Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening (NFFO), gjorde greie for det meste. Temperaturen steig, sveitten rann og diskusjonen gjekk for seg på alle nordiske språk.

Sjølv synest eg mykje av informasjonen om korleis politikarar og byråkratar tenkjer og arbeidar, var hårreisande. At ein ikkje skal få prosentavtalar for omsettingar av skjønlitteratur når desse blir distribuert av strøymetenester (meir og meir i framtida)

Eg tok meg i å samanlikne med andre kunstgreiner… Kva er det som skil litterær strøymeteneste frå musikalsk strøyming? Komponistar og arrangørar får for kvart spelte/framførte minutt gjennom sine organisasjonar. Lova om opphavsrett er kunstnarane si viktigaste sikkerheit for å kunne drive med kunstnarleg verksemd. Her får omsettaren pengar gjennom sine organisasjonar. Ikkje mykje, men i alle fall prosentar. Ei omsetting, gjendikting til eit anna språk kan ikkje samanliknast med ”generell verksemd”, eller ”vanleg arbeid”. Det er ein kunst å omsette.

Eg må innrømme at eg fleire gongar under diskusjonane blei kraftig provosert over kva omsettarar i nabolanda våre blir utsett for, der ulike lovendringsmafia – på kunnskapslaust vis nedvurderar det viktige åndsverket ein omsettar gir frå seg.

Dei skulle skamme seg for å vise slik inkompetanse.

Om vi no gjer eit resonnement lik det forlag og strøymetenester argumenterar med:

I vår moderne verd med mange nye plattformer, er det viktig å ta i bruk alle plattformer for å distribuere skrivekunst.

Bør opphavsrettseigarane, så som forfattarar og omsettarar argumentere med fire spørsmål – fleip eller fakta?

Kvifor omformar forlag, strøymetenester o.a. åndsverket mitt til bruk i sosiale media, format eller plattformer? Er det fordi dei er snille? Gjer dei det for å tene meir?

Kven gjer dette mogleg? Er det forlaga? Er det forfattarane? Er det omsettarane?

Er det riktig at ein tredjepart ikkje får noen ting for at dei to andre involverte skal kunne få meir?

Som oppmoding til alle kunstnarar, det nyttar kanskje ikkje å streike, men det hadde vore særleg artig å sjå på kva forlaga skulle gje ut, om vi stod saman og tok oss eit vanleg betalt yrke t.d. i fem år – i rein solidaritet for dei som lir. Vi er kjent for å støtte kunstnarane sine kår i dei landa vi ikkje vil samanlikne oss med – men korleis kan vi støtte grannane våre?

Takk for to flotte innhaldsrike døgn i Sigtuna.

Hälsningar från Kine Hellebust

Det minste rådhuset i verda, er mindre enn Rådhusgata 7. Foto: Kine Hellebust