NBU fyller 70 år i år. Noko som skal feirast og markerast. I samband med jubileet intervjuar vi fleire medlemmer. No står Einar Økland for tur. Han har vore medlem i 42 år.
Foto (Samlaget): Tove K. Breistein.
Kva betyr NBU for deg?
Internt: Kollegialt samhald og samforståing. Eksternt: Sjangerjamstelling i offentlege samanhengar.
Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?
Ja, eg minnest at eg som nykomling blei pressa til å trekke attende mitt framlegg om å utnemne Sonja Hagemann til ærsmedlem i ULF. Alternativt var det somme eldre som ville melde seg ut. Likeeins blei mitt framlegg om å arbeide for at ULF skulle få ei innkjøpsordning av same slag som DnF imøtegått i styret, med den forklaringa at då ville Th. Egner bli så lei seg – sidan det var han hadde fått i stand «den lille innkjøpsordning» (500 eks.)
Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?
Subjektivt: Stabiliserande og frigjerande. Objektivt: Veit ikkje.
Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?
Vi er «på høgsletta», d.v.s. meir av det same.
Har du noko ønske for NBU?
Hell og lykke vidare! Pluss tett samarbeid med andre skribentorganisasjonar. Ja, og så fleire vaksne lesarar.
Kor lenge har du vore medlem (slik om lag)?
Sidan 1975