NBU fyller 70 år i år. Noko som skal feirast og markerast. I samband med jubileet intervjuar vi fleire medlemmer. No står  Per Olav Kaldestad for tur.  Han har vore medlem i 34 år.

Foto: CaPPelen Damm

Kva betyr NBU for deg?

POK: Organisasjonen har frå 1970-åra vore ein sentral aktør i arbeidet for å betra forfattarane sine kår, særleg i høve til innkjøpsordninga for ny norsk litteratur og kampen for anstendige forlagskontraktar, men òg i høve til den seinare Bokavtalen og innsatsen til Foreningen !Les, Leser søker bok og Norsk Forfattersentrum. At NBU har vore ein sterk fagorganisasjon for barne- og ungdomslitteraturen i tillegg til å vera pådrivar for litteraturformidling, set eg stor pris på.

 

Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?

POK: Dei fyrste åra eg var medlem hadde me som regel årsmøta på Lysebu. Det var ein svært triveleg stad. Inger Margrethe Gaarder var vår driftige formann, og ho var ein flink festorganisator som sytte for at unge og eldre medlemmer kom i snakk med kvarandre. Blant dei eldre eg snakka ein del med på eit av årsmøta var Ingebrigt Davik. Han var mest kjend frå barnetimen og barne-TV med sine viser og forteljingar frå Taremareby. Me blei sitjande oppe lenge, saman med ein munter gjeng, og snakka bl.a. om musikk me likte. Det viste seg at han var glad i country. Me spurde om han ikkje kunne ta ein song for oss, og før han fekk summa seg, stakk nokon (truleg Marit Tusvik) ein gitar bort til han. Han tok utfordringa på strak arm og framførte med glans ein song av Hank Williams. Det var ei stor oppleving. Dette var einaste gongen eg møtte han.

 

Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?

POK: Alt i tenåra hadde eg glede av å skriva, og frå tidleg i 20-åra kjendest det maktpåliggjande å halda fram med det. Etter kvart kom eg til å sjå på skrivinga som det viktigaste arbeidet mitt. Slik er det framleis; det er eit språkleg framkallingsarbeid eg ikkje kan la vera å gjera. Eg har alltid skrive mest dikt, både for vaksne og born. Dikta for born er ikkje særleg tilpassa noko aldersgruppe, men dei handlar om slikt som er felles for born og vaksne.

 

Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?

POK: Det vil vera ei viktig oppgåve å få auka talet og storleiken på arbeidsstipend, slik at fleire både unge og eldre barne- og ungdomsbokforfattarar kan samla seg om nye bokprosjekt. Eg trur òg det er tid for å krevja meir royalty av forlaga, for eksempel ville det ikkje vera urimeleg om minstehonoraret for ei ny bok var på linje med eit arbeidsstipend.

 

Har du noko ønske for NBU? 

POK: Eg har alltid opplevt NBU (og tidlegare ULF) som ein raus organisasjon. Her har det vore stor takhøgde og hyggeleg atmosfære mellom unge og eldre og mellom forfattarar med dei mest ulike litterære preferansar. Eg håpar dette vil halda fram.

 

Kor lenge har du vore medlem (slik om lag)?

POK: 34 år.