Med bobler i glaset, tapas på fatet og rikelig med åndelig føde feira NBU seg sjølv og sine 70 år på Månefisken i Oslo 29. september. Då var det på dagen 70 år sidan foreininga, som då hadde namnet ULF (Ungdomslitteraturens Forfatterlag), blei stifta heime hos forfattaren Evy Bøgenes. Den gongen blei det servert bollar laga av ekte kveitemjøl. 

  Etter stiftingsmøte i 1947 blei det rykka inn ei kungjering i Aftenposten.

 

 

 

 

Vigdis Hjort gjer seg klar til sin tale til 70-årsjubilanten. (Foto: Taran L. Bjørnstad)

 

 

 

 


Liv Guldbransen var konfransier på festen og hadde streng dressur på festlyden. Ho passa på at vi både fekk smila med tennene i over- og underkjeven samt gi skikkelig varme applausar. Ho blei mildt sagt overraska, då ho som daglig leiar av Leser søker bok, fekk koma opp på scena og ta i mot NBU-prisen 2017. (Foto: Ingelin Røssland)

Kunstnarisk innslag ved Gro Dahle og dottera Kaja Dahle Nyhus. Dei er i haust ute med boka Sesam Sesam, der Gro står for tekst og Kaja for illustrasjonar. (Foto: Taran L. Bjørnstad.)

Alle dei frammøtte på festen fekk gåve: Eit flott boknett med eit passande slagord: «De beste bøkene til de viktigste leserne» og festskrivet «BU17 – Innsiden».