Bokmessa i Frankfurt er ei av dei største og viktigaste bokmessene. Det er kanskje ikkje så rart sidan den blei halde for første gang i 1478, kort tid etter at Guttenberg fann opp trykkekunsten. Det Noreg og NORLA  jobbar intenst fram mot, er 2019 då Noreg får æra av å vera hovudland under bokmessa.

Leiar i NBU, Taran L. Bjørnstad, er på plass i Frankfurt. Ho har sendt heim bilete frå den norske standen på messa. Ho fortel at det er mykje liv og stor interesse for dei norske bøkene, ikkje minst for barne- og ungdomsbøkene.

Taran L Bjørnstad er med i NORLA sitt styre og jobbar aktivt og entusiastisk med at barne og ungdomsbøkene skal vera enno betre representert i Frankfurt i 2019.

For oss her heime er det med andre ord berre til å bretta opp armane, kasta oss over tastatura og skriva enno fleire og betre bøker.