Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad (Tiden Forlag)

Ruth Lillegraven var ein lesehest i barndommen, og frå kjærleiken til andre sine bøker vaks lysta fram til å skriva eigne bøker. Lillegraven debuterte i 2005 med diktboka Store stygge dikt. Ho debuterte som barnebokforfattar i 2011 med boka Mari og Magnus flyttar inn, som var den første boka i serien om dei to søskena. 

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

– For å svare litt pompøst: ALT. Eller i alle fall veldig mykje. Eg var ein klassisk bokslukar, kom heim frå biblioteket med fleire bæreposar kvar veke. Det kan eg i grunnen gjere framleis – sjølv om det no ofte er mykje som er tiltenkt ungane mine (og mykje som er tiltenkt meg, og som eg endar med å aldri lese). Eg elskar biblioteket – det er ei fantastisk oppfinning. Og framleis er bøker mi viktigaste kjelde til å lære og forstå – men også til å klare slappe av og rømme frå kvardagen. Eit fri-rom – heldigvis, sjølv om det er jobben min også. Eg har aldri studert litteratur eller gått på skriveskule – det eg eventuelt kan om skriving har eg dels lært berre ved å lese og dels av dei flinke folka eg har samarbeidd med, særleg dei fantastiske redaktørane mine.

 

Kvifor ville du bli forfattar?

– Tja, det var vel ikkje heilt slik … Eg byrja litt retningslaust å studere marknadsføring, og undervegs i studiet kom eg på at “eh … eg ville jo jobbe med bøker”. For det ville eg! Heldigvis fekk eg skrive diplomoppgåve om forlagsbransjen og dermed fekk eg jobb i Det Norske Samlaget – der barnebøkene mine no kjem ut. Eg var der i seks år – ”my formative years” – dei blei veldig viktige for meg. Eigentleg var eg veldig lukkeleg for å få jobbe med andre sine bøker, og drøymte ikkje om noko anna, men i ein alder av 26 byrja eg litt tilfeldig skrive litt sjølv, plutseleg var debutboka ute, og så var det gjort – då ville eg berre skrive meir. Men det tok mange år før eg torte eller hadde lyst å vere forfattar på heiltid. No er det berre det eg vil, no klarar eg ikkje kome på noko anna eg kunne ha hatt lyst å drive med, he he … Men eg øver på å drive mest mogleg med skriving og litt mindre med alt mogleg anna som er rundt.

 

Kvifor skriv du for barn og/eller ungdom?

– Sånn for min eigen del synst eg det er ei gåve å få lov å drive på med mange ulike ting – skrive i ulike sjangrar og for ulike målgrupper.  Å lære nye ting. Å skrive for barn gir meg sjanse til å bruke andre sider ved meg sjølv enn det å skrive for vaksne. Og så er jo gode bøker for barn og ungdom det viktigaste av alt – å skape leseglede blant nye lesarar. Det vil eg sjølvsagt gjerne bidra til. Dei første fire barnebøkene mine, om søskenparet Mari og Magnus, inneheld enkle, kvardagslege forteljingar for mindre barn. Både eg og min dåverande redaktør, Ragnfrid Trohaug, meinte at det ikkje fanst nok slike bøker i den elles så rike nynorske barnebokfloraen. Det kjendest som noko det var viktig å gjere noko med. Dikt for barn – som mi Eg er eg er eg er (2016) – har jo kanskje heller ikkje vore det heitaste dei siste tiåra. Heldigvis verkar den trenden snu litt – det er jo strålande – eg synst det er stas å få vere del av noko som kanskje kan vere ei slags ny bølgje med barnedikt. Kudos til forlaga som torer satse litt på barnedikt att!

 

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar gjennom forfattarskapen din?

– He he, eg ser det er ein del tema som går igjen på ulike vis: tid (som er eit tema eg kvernar og funderer mykje på, både i skrivinga og elles), generasjonar, fødsel og død og slikt noko, natur, årstider …  Og så har eg nok, særleg i dikta mine, ein nokså attkjenneleg, forteljande form.

 

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Rytme er eg er veldig opptatt av å få til, og jobbar mykje med. Og eg er oppteken av korleis dikta mine ser ut, den grafiske forma på dei. Eg er nok litt kontroll-freak akkurat når det gjeld bøkene mine – blandar meg borti det meste, er litt redd for å sleppe ting.

 

Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

– Eg likar lese! Gå tur i skogen. Bade. Og sjå gode filmar eller TV-seriar. Og vere med vener og familie.  Skal eg vere så glad som råd, er eg nok avhengig av å få vore ute i naturen og brukt kroppen min. Av og til klarar eg det – av og til ikkje.

 

Kva forventningar har du til NBU?

– Eg har ikkje rukke bli så godt kjent med organisasjonen enno, men eg har inntrykk av at det er veldig mange engasjerte og bra medlemer og flinke folk i administrasjonen – og at alle jobbar hardt mellom anna for å skape betre vilkår for barne- og ungdomslitteraturen og for dei som skriv den. Det er eg veldig takksam for – og det er stas å få bli ein del av dette.