Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

 Anders Totland frå Sunnhordland debuterte i 2015 med barneboka «Vampyrane i Eplehagen», og i 2016 og 2017 kom han med ungdomsbøker. Begge ungdomsbøkene har fått stor merksemd og for «Engel i snøen» vann han Nynorsk barnelitteraturpris i 2016.
Totland at røper at bøker ikkje betydde så mykje i oppveksten.
–Det gjekk mest i Hardy-guttene og Tintin, og i ungdomstida las eg stort sett alt som var av Erlend Loe og Ragnar Hovland. Men heile tida var det for det meste berre tidsfordriv, når eg ikkje hadde noko betre å ta meg til.

– Kvifor ville du bli forfattar?

– Det var no helst berre sånn det blei. For nokre år sidan foreslo kona mi Ragnhild at me skulle skriva ei god natt-historie til ungane saman. Det blei det ikkje noko av, men eg skreiv nokre historier åleine, og halvtanna år seinare var dei to første bøkene mine ute.

 

– Kvifor skriv du for barn og ungdom?

– Eg gjer eigentleg ikkje det. Men så seier redaktørane at det er det eg gjer, så då gjer eg vel det, då.

 

– Har du ein raud tråd eller fellesnemnar gjennom forfattarskapen din?

– No er forfattarskapen min både ung og variert, med ei biletbok, ei kokebok og to ungdomsbøker på to år. Så det trur eg eigentleg ikkje. Men i ungdomsbøkene kan det sjå ut til at eg får best til å skriva om det som er vondt og vanskeleg, sjølv om eg har veldig lyst til å skriva morosame og spennande bøker.

 

– Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Eg ønskjer å fortelja gode historier, gjerne i eit format som kan lesast heilt ferdig utan stopp. Dermed blir det meste eg skriv ganske kort. Dessutan likar eg tanken på at både lesehestar og såkalla lesesvake ungdommar skal kunna lesa dei same bøkene. Eg bruker difor ein del tid på å gjera tekstane mine lette å lesa.

 

– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

Aller helst er eg ute i skogen saman med familien, gjerne med ein kaffikjele på bålet. Eller på sjøen eller fjellet. Når ungane har lagt seg, eller besteforeldra har tatt over for kvelden, står god mat og drikke høgt på lista. Det gjer det for så vidt når eg er med ungane òg, men då blir det nødvendigvis litt mindre drikke.

 

– Kva forventningar har du til NBU?

– No kunne eg sjølvsagt ha sagt noko om alt det gode arbeidet NBU gjer, og korleis eg håpar at dette skal fortsetja i framtida. Men det veit eg strengt tatt ingenting om. Derimot har gode vener og kollegaer sagt at NBU er staden å vera medlem, og at det dessutan kan vera vel verd å få med seg eit møte eller to, eller i alle fall festen etterpå. Så då sjåast me vel der.