Ønskjer du opphald i desse vakre omgjevnadene? Søknadsfrist 15. februar 2018.

Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun i Ål i Hallingdal lyser ut gratis arbeidsopphald frå 1. august til 31. desember 2018.  Opphald er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mm. Det er eit vilkår at ein har medlemskap i ein fagorganisasjon, eller at ein kan leggje fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.
Det er gratis bruk av verkstad og internett. Kunstnarane må sjølv ta med materiale, reiskap, instrument og datamaskin til eige bruk. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at kunstnarane under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.

Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no

Send søknaden til leveld.kunstnartun@gmail.com innan 15.februar 2018.
Søknaden må innehalde: Personlege data: Namn, adresse, mobilnummer, epost-adresse, fødselsår, ev. webside, facebookside, fagleg medlemskap. Informasjon om deg sjølv som kunstnar, forfattar mv. og kunstnarisk produksjon, CV. Vis gjerne til foto, video, lydfiler, ref. til publikasjonar, verk. Prosjektbeskrivelsen for arbeidet under opphaldet blir vektlagt ved utveljinga. Grunngje ønsket om stipendopphald i Leveld Kunstnartun. Oppgje ønske om tidspunkt og lengde for opphald. Ver snill å skriv om du er innstilt på å bu saman med andre kunstnarar i Lærarbustaden. Av omsyn til fleirbruk kan brukarar av tunet ikkje ha med kjæledyr.

Søknadsfrist for opphald våren 2019 vil vere 1.september 2018.