NBUtipset.no har fokus på lesestartbøker no i april 2018. Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og å illustrera for dette formatet. Første forfattar ut er Lars Mæhle:

Forfattarportrett Det Norske Samlaget

Namn: Lars Mæhle

Født: 6. januar 1971, Sunndalsøra

 Alder for forfattardebut: 32

 Årets bok/bøker/seinaste utgjeving: Død eller levande (lettlest grøssar for ungdom), Hvem har tatt pølsene? (barnehagekrim), Andromeda (ungdomsroman, haust)

Fem kjappe:

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Da eg var 28 år og hadde blitt refusert ca. 15 gongar, skreiv eg eit tøysemanus i Syden på ei veke. Manus handla om to særingar som heitte Harry og Ivar. Det var første gongen eg skreiv på nynorsk, eg hadde bokmål på skolen. Eg sende inn til Samlaget, og tre veker seinare fekk eg følgande melding frå Guri Vesaas. «Manus er kanskje i … kremt, tynnaste laget, men eg likte humoren. Eg vil gjerne sjå meir frå di hand.» Slike tilbakemeldingar kan redde verda for eit menneske. Da sette eg meg ned og skreiv debutromanen min, Keeperen til Tunisia.

Nett no les eg …

For eigen del: Zeshan Shakar: Tante Ulrikkes vei

For ungane mine: Cornelia Funke: Blekkhjerte, Tone Almhjell: Vindeltorn

Boka som forandra livet mitt …

NAFs veibok. Elles, og på tilråing frå min far, var John Steinbeck og Graham Greene dei første «ordentlege» forfattarane eg las i ungdommen.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Omtrent alle bøkene av Marguerite Duras. Og Ulf Stark: Min venn Percy, Buffalo Bill og jeg.

Boka eg gjerne gir i gåve …

Jakob Wegelius: Morderens ape

 

 

– Kan du hugsa kva det var som fekk deg til å skriva den første lesestartboka di?

Det var vel Krølle-Knut grev seg ned til Kina (2006) i Samlagets Komet-serie.

– Var det enklare eller vanskelegare enn du såg for deg?

Tja. Omtrent som eg trudde. På akkurat same måte som med lengre bøker, handlar det også her om å ha ein god idé og å treffe med forteljarstemma.

– På kva måte skil bøkene du skriv i dette formatet seg frå resten av forfattarskapen din?

Når ein skriv lettlestbøker, handlar det om å fortelje ei historie effektivt og stramt. I lengre bøker kan ein ta seg litt betre tid. Til alt. Å bygge opp og utvikle karakterar, plott og miljø. Å dandere forteljinga med meir eller mindre interessante detaljar.

– Du har skrive lesestart på fleire forlag. Er det skilnad på å skriva lesestart på Samlaget og på Cappelen Damm, eller er reglane stort sett det same?

Sjølve manusarbeidet kjem meir an på redaktøren enn på forlaget, kanskje. Djupast sett handlar akkurat dette om det same. Det er kanskje heller i sal- og marknadsleddet det er skilnad på små og større forlag.

– Korleis jobbar du med ein tekst til ei lesestartbok?

Veldig forskjellig. Enkelte gongar sit det – pang! – med ein gong. Andre gongar blir det mange og lange rundar før ting sit. Eg har no skrive ei lettlestbok for ungdom, Død eller levande, i samarbeid med Leser søker bok. Her blei det mykje arbeid på små flater, for å bruke ein fotballmetafor. Men det betalte seg!

– Korleis veit du at ein idé du har vil eigna seg som lesestarbok?

Det veit ein vel eigentleg aldri. Eg tenker at eg skriv om ting som engasjerer meg sjølv. Da finn det ofte gjenklang hos andre òg. Men sjølve historielinja må vere rimeleg enkel og skåre ned til beinet.

– Har du vore på turnear med desse bøkene? I så fall, korleis er responsen frå målgruppa?

Mi erfaring er vel at det generelt er enklare å få turnere med barne- og ungdomsromanar, enn med klart definerte lettlestbøker. Men serien om Kråkeslottet barnehage, der kjernemålgruppa er 4–6 år, har merkeleg nok blitt det som er aller mest etterspurd av bibliotek m.m. av alt eg har skrive. Av lettlestbøker er Knoterud FK det eg har reist mest rundt med. Det at den serien handlar om fotball har gjort at somme ungar, sjølv gutar som ikkje les så myke, får lyst til å lese dei.

Generelt synest eg det er aller kjekkast å turnere for dei yngste, alt frå barnehagebarn til eit stykke opp på barneskolen. Før dei bli så vaksne at dei legg sensur på seg sjølve og/eller får stor trong til å markere seg. (Å turnere på ungdomsskolen er høgrisikosport.)

– Korleis er det med merksemd rundt desse bøkene sånn elles? Opplever du å bli meldt og å bli intervjua om desse bøkene, eller er kulturjournalistar og anmeldarar uinteressert i denne delen av forfattarskapen din?

Lettlestbøker blir nesten aldri meldt. Det er litt trist.

– Kva må til for å bli ein dyktig lesestartforfattar?

Sans for dramaturgi og å formidle i rett høgde.

– Eit siste kosespørsmål: Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Her blir det delt førsteplass mellom Ragnar Hovland, Bjørn Rørvik, Anna Fiske og Maria Parr.

 Les meir om Lars Mæhle og bøkene han har skrive på heimesidene hans.