Det kjem ut mange lesestartbøker i året på fleire forlag. Bøkene er svært populære i målgruppa. Ofte sel dei godt og opplever å bli omsett til andre språk. Likevel er dette ein type bøker som sjeldan får omtale i media.

Tema i april er lesestartbøker. Du har sikkert høyrt om Cappelen Damms Leseløver, Ashehougs Lesehestar og kanskje også Det Norske Samlaget si nyare satsing Leseland og Gyldendals nye bokserie Lese Bra. Felles for bøkene i alle desse seriane er at dei har som mål å leia barnet inn i «lese-sjølv-verda». I møte med desse bøkene slepper barnet handa til den vaksne opplesaren og får prøva seg på eiga hand.

Korleis tenker forfattarar når dei skal skriva ein tekst som eignar seg for barn som skal lesa sine første bøker på eiga hand? Denne månaden får de møta fire forfattarar som skriv slike bøker. Dei fire forfattarane er Lars Mæhle, Anna R. Folkestad, Anneli Klepp og Karin Kinge Lindboe, og dei vil fortelja om utfordringar og moglegheiter innanfor eit format som for mange forfattarar føles umulig å skriva i. Eit format som kanskje også har fått eit ufortent dårlig rykte som lettvint brukslitteratur?

På leit etter ei lesestartbok? Klikk her.