Denne boka passar for barn og ungdom som elskar grøss og spenning!


Tittel:
Den tolvte spelaren

Forfattar: Tor Arve Røssland

Forlag: Samlaget, 2018

Sidetal: 85

Sjanger: Grøss for ungdom i lettlest format

 

Kort om handlinga:
Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.

Kven er den tolvte spelaren?

Tekstutdrag:

Eit kaldt gufs slo inn i dusjen.

Gåsehuda spreidde seg nedover ryggen og låra.

Det var som å stå i eit fryseskap.

Ei sur og roten lukt kom frå guten.

Ein kvalmande stank.

Eg skalv over heile kroppen, slo av dusjen

og greip etter handkledet.

Eg småsprang mot skapet mitt. Eg sklei bortetter golvet, men ramla ikkje.

Tørka meg i full fart, i sidesynet såg eg guten.

Rørslene hans var rolege, som i sakte film.

Han heldt hovudet lett på skakke, med blikket festa rett på meg.

Guten såg ut som han skulle gå til åtak.

Eg kunne nesten kjenne dei kalde og våte hendene hans.

Det stakk i huda.

Eg ville ut!

 

 

Tre subjektive superlativ: Spennande, medrivande og lettlesen.

Tor Arve Røssland (født 1971) skriv bøker for barn og unge og er kanskje mest kjend for grøssarserien for ungdom, Svarte-Mathilda. Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget