Denne boka passar perfekt for dei som likar spøkelse, mystikk og humor!
Tittel: Det spøker
Forfattar: Ragnfrid Trohaug
Illustratør: Eivind Gulliksen
Forlag: Samlaget, 2018
Sidetal: 35
Sjanger: Lesestart, grøss, spenning.
Kort om handlinga:
Henrik er på besøk hos Jon. Plutseleg høyrer dei ein lyd! Ein lyd som høyrest farleg og spøkelsesaktig ut. «Det finst ikkje spøkelse», seier Jon. «Det finst ikkje spøkelse før ein møter eit», svarer Henrik.
Tekstutdrag:
– Kva var den lyden? seier Jon.
– Kva for ein lyd? seier Henrik.
– DEN lyden? seier Jon.
– Vi må sjekke.
– Det kan vere farleg.
– Farleg som bjørnar? spør Jon.
– Verre, svarer Henrik.
– Det er meir spøkelsesaktig.
Tre subjektive superlativ: Spennande, skummelt og morosamt.
Ragnfrid Trohaug (f. 1975) er forfattar og redaksjonssjef i Cappelen Damm barn og unge.
Eivind Gulliksen (f. 1973) er illustratør og har illustrert ei rekkje bøker for barn.
Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget