Denne boka passar for barn og ungdomar som elskar grøss og spenning.

 

Tittel: Død eller levande

 Forfattar: Lars Mæhle

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 82

 Sjanger: Grøss for ungdom

 

Kort om handlinga:

Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom – og inn i Bekkedalen.

 

Tekstutdrag:

Eg kan sjå ting andre ikkje ser.

Eg kan høyre lydar andre aldri høyrer.

Eg kan sanse skuggane som glir i bakgrunnen.

Eg kan kjenne frosten og sorga i sjelene

til alle halvdøde og fortapte.

Dei som oppheld seg i Limbo

og korkje er døde eller levande.

 

Tre subjektive superlativ: Spennande, medrivande og lettlesen.

Lars Mæhle (født 1971) frå Sunndalsøra har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og var nominert til Brageprisen.

 Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget