Denne boka passar for barn som likar dyr, fisking og ei god historie!


Tittel:
Fiskelykke

Forfattar: Ingunn Røyset

Illustratør: Line Halsnes

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 45

 Sjanger: Lesestart med kvardagsdrama

 

Kort om handlinga:

I dag skal Jonas vere med Anna på moloen og fiske. Men Kvitpus vil ikkje la Jonas vere i fred. Det er umogleg å gjere stonga klar til fisketur når Kvitpus trakkar fram og tilbake akkurat der Jonas sit! Anna fortel at om ein katt må til dyrlegen, kjem han som regel ikkje heim. Kanskje Kvitpus ikkje er så irriterande likevel?

 

Tekstutdrag:

– Flytt deg, pus!

Fiskestonga ligg klar i graset.

Jonas prøver å træ det tynne snøret

 gjennom hòlet på kroken.

Kvitpus trakkar fram og tilbake akkurat der han sit.

 – Puuh! Jonas spyttar ut hår.

Den lodne halen til Kvitpus styrk over ansiktet hans.

– Pass deg, da! Jonas skubbar bort Kvitups.

Like etter er katten tilbake.

Han klemmer seg inntil Jonas og fiskestonga.

Det er heilt uråd å få arbeidsro.

– SER DU IKKJE AT EG ER OPPTEKEN!

Jonas føyser bort Kvitpus så han hoppar bakover.

– Mjaaaau!

 

Tre subjektive superlativ: Varm, underhaldande og flott illustrert.

 

Ingunn Røyset (født 1965) er journalist og forfattar. Ho har skrive både skjønnlitterære bøker og sakprosa for barn og unge.

Line Halsnes (født 1981) er illustratør og barnebokforfattar.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget