Denne boka passar for dei som likar bøker om vennskap, løgnar og forviklingar.

Tittel: Kidnappa

 Forfattar: Bente Bratlund

Illustratør: Odd Henning Skyllingstad

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 43

 Sjanger: Lesestart, drama

 

Kort om handlinga: 

Oda fortel at ho blei kidnappa då ho var lita. Det er derfor ho ikkje liknar foreldra sine. Bea lover å halde på løyndommen, men ho er også nysgjerrig. For kven er dei eigentlege foreldra til Oda? Og kor er dei?

Tekstutdrag:

Oda dreg meg bort frå dei andre til vi står for oss sjølve på skuleplassen.   

 – Lover du å ikkje seie noko? spør ho.

– Eg lover, seier eg.

– Ikkje til ei sjel? spør Oda.

– Kross på halsen.

Oda dreg meg med enda litt lenger bort.

– Eg blei kidnappa, kviskrar ho.

Tre subjektive superlativ: Sjarmerande og underhaldande og med artige illustrasjonar.

Bente Bratlund (født 1952) er utdanna lærar, men sidan 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Ho har skrive mange bøker for både barn, ungdom og vaksne.

Odd Henning Skyllingstad (født 1978) er illustratør, teikneserieskapar og animatør. I tillegg arbeider han som bibliotekar ved Serieteket.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget