Denne boka passar for ungdom som likar drama og humor.

 

Tittel: Stavanger stories 2

 Forfattar: Terje Torkildsen

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 136

 Sjanger: Noveller for ungdom

 

Kort om handlinga:

Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død – og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann – og også andre folk som er rundt dei.

Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for å imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei.

 

Tekstutdrag:

Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Slik er det også med denne ulukka. Og alle desse hendingane ville vore bagatellmessige viss dei ikkje hadde vore kopla saman nettopp på denne måten: det kjipe vêret, den høge hekken, magesjauen, B-gjengen, fasanane ved Vannassen og mangelen på sukker. Kven det var si skuld? Sei det. Det var alle si skuld.

Tre subjektive superlativ: Engasjerande, humoristisk og dramatisk.

TerjeTorkildsen (født 1971) er forfattar og komikar frå Stavanger og dobbeltvinnar av ungdommens eigne nasjonale litteraturpris, Uprisen.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget