Desse bøkene passar for  barn som likar fakta, dyr og ikkje minst artige teikningar!

Tittel:
Visste du at…? GRIS
Visste du at…? KU
Visste du at…? SAU

 Forfattar: Redaksjonen på Samlaget

Illustratør: Anna Fiske

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 35 (Alle tre bøkene har same sidetal)

 Sjanger: Lesestart, fakta

Kort om handlinga i bøkene:

I denne faktabokserien kan ein lese morosame og overraskande fakta om grisen, kua og sauen.
Visste du at grisen rullar seg i søla for å kjøle seg ned?
Visste du at sauene kan vere aleine på fjellet om sommaren?
Og at det finst robotar som mjølkar kyr?

Tekstutdrag (Visste du at…? GRIS):

Visste du at grisen ikkje kan sjå oppover?

Visste du at ho-grisen blir kalla purke eller sugge?

Visste du at grisen liker kos?

Også frå menneske!

Tre subjektive superlativ: Underhaldande og lærerik med artige teikningar.

Redaksjonen i Samlaget er ein nyfiken gjeng med hjarte for dyr og sprelske fakta. Redaksjon gjengen har skrive desse bøkene saman.
Visste du at…? Det Norske Samlaget fyller 150 år i 2018?

Anna Fiske (født 1964) er illustratør, forfattar og teikneserieskapar. Ho har vunne ei rekkje prisar for arbeida sine.

Lenke til bøkene på forlaget si heimeside: Samlaget