Denne boka passar for barn som likar mysterium og drama.

Tittel: Hundrelappen

 Forfattar:Håkon Forfod Sønneland

Illustratør: Line Halsnes (ill.)

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 35

 Sjanger: Lesestart, drama

 

Kort om handlinga: 

Ein hundrelapp har forsvunne heime hos Odin og pappa. Pappa meiner Odin har teke pengane. Men Odin er ikkje ein tjuv! For å bevise at han er uskuldig, må Odin finne hundrelappen – og den eigentlege tjuven.

Tekstutdrag:

«Du er ein tjuv, Odin!» Pappa er raud av sinne.

«Hundrelappen låg der. No er han borte!

Og det er berre vi som er heime.»

«Eg har ikkje teke han!»

«Ikkje lyg!» roper pappa.

Han trampar inn i stova og smeller igjen døra.

 

Odin tek til å gråte.

Så blir han sint.

Det er jo ikkje han som har teke hundrelappen!

Tre subjektive superlativ: Spennande med sår undertone og flotte illustrasjonar.

Håkon Forfod Sønneland (født 1972) er journalist, kunstnar og barnebokforfattar.

Line Halsnes (født 1981) er illustratør og barnebokforfattar.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget