Denne boka passar for alle som likar fargesterke, fantasifulle, viltre og morosame teikneseriar. 

 

Tittel: Jojo

Forfattar og illustratør:Ida Eva Neverdahl

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 45

 Sjanger: Teikneserie

 

Kort om handlinga:

Korleis er det å ha ei ninjamamma?

Kva gjer agent bønne og agent mais når dei finn ut at Jojo ikkje liker taco?

Og kvifor er det kult å vere katt?

Boka er delt inn i ca. 13 enkelståande historier

Utdrag frå boka:

Tre subjektive superlativ: Fantasifull, morosam og original.

Ida Eva Neverdahl (født 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper for fleire aviser og gitt ut tre bøker. Teikneseriestripene om Jojo er publiserte i Norsk Barneblad.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget