NBUtipset.no har fokus på lesestartbøker no i april 2018. Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og å illustrera for dette formatet. Anna R. Folkestad er tredje forfattar ut:

Forfattarportrett, Samlaget (Bodil Haga)

 

Namn: Anna R. Folkestad

Født:  24. juni 1983 på Stord.

 Alder for forfattardebut: 28

 Årets bok/bøker/seinaste utgjeving:

Stupe-Stig (2018)

 

 

Fem kjappe:

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Det må vera då eg skulle lesa Unni og Gunni i ein 1. klasse.

Før timen byrja kom det inn ein lærar med ein elev som var blind, slik at ho kunne få sjå meg med hendene sine. Det var første gongen eg skulle lesa til nokon som var blinde, så då lærte ho meg korleis ho ville at eg skulle lesa den, kva ho ville at eg skulle sei om bileta slik at ho kunne lage sine eigne bilete i hovudet. Eg lærte mykje den dagen. Takk.

Nett no les eg …

Det er så mange bøker eg vil lesa og dei er stort sett barne- og ungdomsbøker, så eg driv og les både åleine og saman med ungane, så får eg lese endå meir. Superlurt. Synest eg då.

Så eg les:

  • Den siste magiker 3: Nimrod.

Saman med 10- og 13-åringen:

  • Snillionen.

(Me bytter på å lese høgt for kvarandre)

Saman med 7-åringen:

  • Jenta som ville redde bøkene.

 

 Boka som forandra livet mitt …

Det må vere Bø og Bæ gjer reint.

Det var då eg las denne boka saman med den då pittelitle sonen vår at eg tenkte: Men i jøsse namn, det er nokon som må laga desse bøkene! Skriva og teikna dei. Jo, altså eg visste at det var folk som teikna og skreiv bøker, men det var denne kvelden eg på ein eller anna måte fekk det for meg at kanskje det kunne vera meg? Tenk om eg kunne få laga ei bok som andre kunne sitja og lesa, og ha ei innmari triveleg stund saman med. Det tok riktig nok ein god del år før eg våga å senda inn noko manus, men det var den kvelden gnisten inni hjarta mitt om å laga eigne bøker vart tend. Og som no brenn så hard at det gjer vond, men fint vondt altså.

 Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Eg skjønar spørsmålet, men eg tenkjer ikkje heilt slik. For eg kunne ikkje ha skrive nokon annan si bok, då hadde den ikkje vorte slik den blei. Det er jo litt av det som er det fine med at me lagar ulike bøker, at me ikkje kan laga noko som nokon annan kan! Eg vil heller bli begeistra for gode og nydelige bøker som andre har laga. Kjøpe dei, og ha dei som mine fine skattar.

 

 Boka eg gjerne gir i gåve …

I barselsgåve plar eg gi Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans.
Det er ei bok som eg meiner dei fleste born bør ha.
Dessutan kan ein lage ulike dialektar på dei forskjellige dyra, og det er gøy!

Men sånn elles så har eg ikkje noko faste bøker eg gir, for det er heilt forskjellig kva for bok som passar til kven. Så gåvebøker vert valt ut etter kva dei eg skal kjøpe til likar eller treng nett då.

 

– Kva forhold hadde du til lesestartbøker før du begynte å skriva bøker i denne sjangeren sjølv?

Forholdet mitt til lesestartbøker var dei hefta som son min kom heim med frå skulen. Det var ikkje så mange ulike hefter å velja mellom, så leseleksa var stort sett ark med setningar på. KJEDELIG! (Beklagar utbrotet.)

 – Korleis kom du på at du skulle skriva lesestartbøker?

Det var Ragnfrid Trohaug som spurde meg om eg ville prøva å laga noko på nivå 1 i eit nytt prosjekt Samlaget skulle starta, som skulle heite Leseland.

 – Var det enklare eller vanskelegare enn du såg for deg?

Du. Det var mykje vanskelegare. Eg hadde fått rammer å forholde meg til i forhold til tekstmengde, også hadde forlaget litt lyst til at det skulle handle om folk! Og eg som berre hadde laga bøker om ei and og to pingvinar! Greitt.

Eg prøvde å byrje med teksten, men niks, på ingen måte. Det funka ikkje for meg. Det var kliss umuleg. Det vart historier som kom utanfrå, ikkje innanfrå som eg verkeleg meinte. Så eg måtte byrje slik eg hadde gjort med dei bøkene eg alt hadde laga. Eg måtte finna figurer eg vart så glad i at eg ville jobba meir med dei. Og som eg meinte med heile hjarte at andre måtte møte. Det tok eit års skissing til før eg fann Besta og Bo. Også hadde eg eit anna val som eg eigentleg ikkje ville ta. Skulle ein av hovudkarakterane vere jente eller gut? Så det eg gjorde var at eg laga ein karakter som både kan vere jente og gut. For det var ikkje det som var viktig, det var ulikskapane mellom Besta og Bo og det som skjer når dei er saman. Når karakteren var på plass, var det mykje lettare å finne på gøyale ting saman med dei.

– På kva måte skil bøkene du skriv i dette formatet seg frå resten av forfattarskapen din?

Litt usikker på korleis eg skal forklare dette på ein enkel måte. Altså. Lesestartbøkene har kanskje lite tekst, men dei er meint for ei eldre lesegruppe enn dei andre bøkene eg har laga. Så både karakterane og historia i lesestartbøkene må vera slik at det kjennest ut som ei bok som for dei som øver seg på lesing, ikkje at den eigentleg er til yngre born sidan det er så lite tekst.

 – Du både skriv og illustrerer bøkene dine. På kva måte skil det seg å jobba med tekst og bilete til lesestartbøker og tradisjonelle biletbøker?

For min del så vil eg at illustrasjonane skal hjelpe til med å forstå kva som skjer i teksten. Eller dei kan også vise det motsatte. Slik at lesaren oppdagar at det som står i teksten er feil, det er jo alltid litt gøyalt. Men eg tenkjer at illustrasjonane ikkje må forvirre, ha veldig mykje ekstra tilleggsinformasjon som ikkje har noko med historia å gjere. Men altså, det er jo ingen fasit, alle ungar er ulike, så me treng ulike lesestart bøker også. Kanskje også nokon bøker som er forvirrande? Kven veit.

 – Korleis er arbeidsprosessen din når du byrjar eit ny lesestartbok?

Det startar som oftast med ein karakter som eg kjenner (eller må finne) og som eg gjerne då vil setje i ein gøyal/rar situasjon. Slik som i boka Krabbekrise, visste eg at løysinga på problemet i boka skulle vere at det var fullt i krabber som hang fast i rynkene til Besta. Så måtte eg kome på korleis historia kan koma seg dit, kva for eit problem kan dette vera løysinga på? Eg ser historia for meg som ein liten teiknefilm i hovudet. Så deler eg opp dei 15 oppslaga og kva som skal skje på kvar oppslag for å få ein framdrift i historia. Etter det er det ein god del jobbing med korleis eg kan få fram det som skjer på dei ulike oppslaga med den tekstmengden eg har til rådigheit. Først skriv eg utan å tenkje tekstmengde så skreller eg av. Eg skriv vel om ein 8-9 gonger tenkjer eg. Då er det størst endring dei 2-3 første gongane, med både endring i tekst og illustrasjonar.

 – Korleis veit du at ein idé du har vil eigna seg som lesestartbok?

Når ein ide er veldig tydeleg, og teksten og karakterane med sine eigenskapar ikkje kan bytast ut eller vore annleis.

Nei da. Eg er jammen ikkje sikker, det er litt som å kaste hestesko. Enten så treff ein med ein idé, eller så bommar ein. Og når me først snakkar om hesteskokasting (eller eg snakkar om det) så er det litt slik historia må vere tenkjer eg, rett fram utan nokon avstikkarar, tilbakeblikk, mykje virrvarr og trilling, men ein liten sprett før den kanskje går rundt pinnen må til.

 – Har du vore på turnear med desse bøkene? I så fall, korleis er responsen frå målgruppa?

Eg har vore på turne med Besta og Bo i ein del klassar. Dei synest det er gøy slik eg opplever det, me har det jo gøy saman, trur eg. Når nokon av og til kjem med ei Besta og Bo bok, og seier at dette er den første bøka dei har lese åleine, vert eg jo kjempeglad! Den meistringskjensa som lyser ut av dei då, den er nydeleg! Noko av det borna likar aller mest er kanskje når eg teiknar for dei på slutten etter eg har lese eit par bøker om Besta og Bo. Då kjenner dei karakterane og då kan me finna på ein liten historie eller noko saman også teiknar eg det. Eller prøver å teikna det då, av og til vert det ikkje nett strålande fint, men det gjer ikkje noko det heller. Ting må ikkje alltid vera strålande fine.

 – Korleis er det med merksemd rundt desse bøkene sånn elles? Opplever du å bli meldt og å bli intervjua om desse bøkene eller er kulturjournalistar og anmeldarar uinteressert i denne delen av forfattarskapen din? (Du har fått litt kritikk for både kroppsbehåring og rynker i illustrasjonane dine.)

Det er vel stort sett laber bris, nei vent, flau vind rundt lesestartbøker.
Så om litt kroppshår og rynker gjer at lesestartbøker får meir merksemd så kan ein ikkje anna enn takka og bukka for det.

 – Kva må til for å bli ein dyktig lesestartforfattar?

Då må du ta lesaren på alvor, sånn på skikkeleg. Ikkje berre. «jajaja eg veit det er viktig å lære seg å lese» Nei. Ikkje sånn. Du må verkeleg meine det langt inn i hjarterota. Du må vete at lesestart boka er like viktig som kva som helst anna bok. (Sjølv om du får høyra andre ting, og ikkje bli kjøpt inn og slikt) Drit i det! Lesestart bøker trengs! I alle sjangrar, slik at det er mykje å velje mellom. Å lese er noko av det viktigaste me lærer oss. Det er ein stor jobb, for nokon ei større utfordring enn for andre. Å ha respekt for den store jobben dei gjer, og prøve å gjere den så tilgjengeleg som mogleg for flest mogleg.

 Eit siste kosespørsmål:

Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Veit du. Det er mange. Det er dei eg treff rundt om kring, på årsmøte i NBU og på festivalar. Dei som gjer at eg ikkje kjenner meg heilt einsam i denne stort sett åleinesitjande prosessen. Dei som eg kan snakke med om ting som verkeleg engasjerer meg, og eg veit at det dette er like viktig for dei. Dei som seier Stå på!, når du ikkje får ting til, og som veit korleis du har det. Dei som gjer at eg ler høgt og dei som gir vekk gode råd. Dei som gjer at NBU-møter kjennest ut som eit stort slektsstemne, berre at heile slekta tilfeldigvis lagar barne og ungdomsbøker. Dei er det. Dei er det som betyr mest.