Har du ikkje sjekka ut www.nbutipset.no? Kanskje i dag, på sjølvaste verdas bokdag, er tida inne? Nytt på NBUtipset.no for i år er målet om at alle norske bøker for barn og ungdom som kjem ut på seriøse norske forlag, blir presentert med same bokkjærleik og respekt.
Kvar månad har eit tema og fleire intervju med forfattarar som er ekspertar på månadens tema. I april er temaet lesestart. Bøker som skal få barn til å bli sjølvstendige lesarar, som synest at det er kjekt og spanande å lesa bøker på eiga hand. Kjempeviktige bøker, med andre ord!

Gå rett til tema LESESTART på nbutipset.no

På NBUtipset.no finn du vårens lesestartbøker både på nynorsk og bokmål, både faktabøker og skjønnlitteratur.
www.nbutipset.no