Samlaget fyller 150 år i år, noko som mellom anna blei feira stort og flott på Det Norske Teatret 28. april med både statsministeren, kjendisar og konglege i salen. Men kva seier forfattarane om forlaget sitt?

 Eit knippe med Samlagsforfattarar svarar følgjande spørsmål
(bed om orsak til alle som ikkje blei spurt denne gongen, eller som ikkje rakk å svara før saka kom på nett):

1. På kva måte feirar/markerer du at Samlaget er 150 år i år?
2. Kva betyr Samlaget for deg som forfattar?

Aina Basso

Foto: Tove K. Breistein

1. Eg var så heldig at eg fekk høve til å vere med på 150-årsjubileet til Samlaget på Det Norske Teatret laurdag 28. april, ei storstilt feiring med flott jubileumsframsyning med og av Det Norske Teatret der det blei framført dikt av Jon Fosse, tonesette av Sandra Kolstad, samt dikt av Ragnar Hovland og Einar Økland og dramatiserte utdrag frå bøkene til Brit Bildøen, Jan Roar Leikvoll – og gledeleg og uventa – meg sjølv. I tillegg kom Tonje Glimmerdal frå boka til Maria Parr på besøk og hadde med seg ‘fart og sjølvtillit’, noko som ser ut til å vere det nye slagordet til forlaget. Etterpå heldt statsministeren tale, Odd Norstoga framførte eit par fine samlagshits og så var festen i gang med tapas og dj-ar, m.a. Ragnar Hovland og Finn Tokvam.

2. Mitt første møte med Samlaget var då eg som 17-åring fekk vere med på manusseminaret deira med ei skrinn og umogen diktsamling. Seminaret tende forfattargneisten i meg for fullt, men det skulle likevel ta mange år før eg omsider debuterte som forfattar med ungdomsromanen ‘Ingen må vite’ i 2008. Dei i siste ti åra har eg gitt ut til saman fem bøker på Samlaget og held for tida på med nytt utkast til ein ny roman, som eg håper vil sjå dagens lys til neste år. Samlaget gir ut kvalitetslitteratur i alle sjangrar og gir god og grundig redaktørhandsaming, noko som betyr veldig mykje for meg. Det betyr også mykje at eg kjenner alle som jobbar i forlaget, det er alltid hyggeleg å kome innom på besøk eller på fest og eg føler meg som del av ein fin gjeng, både med dei andre forfattarane som gir ut bøker der og dei som jobbar med å få bøkene våre ut i verda. Eg er stolt over å vere del av eit kvalitetsforlag som har halde koken i heile 150 år og over at forlaget stadig klarer å vinne nye lesarar til den gode nynorsklitteraturen. Hurra for Samlaget og lykke til med dei neste 150!

 

Bente Bratlund

Foto: Vidar Langeland

1. Eg sette meg på toget frå Bergen til Oslo for å vera med på jubileumsfeiringa til Samlaget. Eg er utruleg glad for at vi har eit nynorskforlag. For meg er nynorsken ein viktig del av meg, det er mitt språk. Difor kjennes det viktig for meg at dette forlaget fins. Og så er det kjekt å ha ei lettlest barnebok som er kome ut no i jubileumsåret.

2. Eg har til no hatt 15 barne- og ungdomsbøker på Samlaget, og det har vore viktig for meg. At forlaget satsar så sterkt på lettleste barnebøker, er noko eg frydar meg over. Lettlestbøker har vore nærast eit «kall» for meg. Gode nynorske lettlestbøker er viktig for at dei første lesarane kan bli glade i både å lesa og å bli glad i nynorsk.

Magnhild Bruheim

Foto: Gudmund Moren

1. Fekk dessverre ikkje høve til å bli med på jubileumsfesten, så det blir inga feiring på meg, trur eg.

 

 

2. Samlaget gav meg sjansen til å bli forfattar, da dei godtok første boka mi i 1997. Forlaget har vore ein støttespelar i alle år, og er som ein heim for likesinna.

Laura Djupvik

Foto: Turid Kristensen Vevatne

1. Eg var ikkje på jubileumsfesten. I staden feira eg med å redigere i eitt av to manus som skal bli Samlags-bøker til hausten.

2. Det betyr at eg hadde ein stad å gå med mitt første manus. Eg var aldri tvil om at eg skulle gå til Samlaget, eg som skreiv på nynorsk! Manuset vart gitt ut og sidan har det blitt tre barnebøker, til no. Sidan har eg også hatt gode erfaringar på andre forlag. Men det at eg no er tilbake på Samlaget med heile forfattarskapen, er eg så glad for. I år kjem eg både med vaksen- roman og ei lettles bok for ungdom. Samlaget har plass til heile meg!

Randi Fuglehaug

Foto: Pernille Walvik

1. Eg har vore på Nynorsk lesefest i Valdres og deltok på den flotte festkvelden på Det Norske Teatret på laurdag. Og så gir eg ut to bøker på Samlaget til hausten!

2. Eg har lenge lese og beundra litteraturen Samlaget gir ut for barn og unge, og då eg skulle prøve meg på mi første skjønnlitterære barnebok, begynte eg å skrive nynorsk for første gong på over 15 år. Lite har kjentest meir riktig. Samlaget er dessutan eit forlag fullt av fagleg sterke, inspirerande og hyggelege vestlendingar, så eg føler eg har funne ein ny heim.

Atle Hansen

Foto: Marius Knutsen

 1. Eg var med på eit høglesingsmaraton her på Stord, som var ein del av markeringa, elles markerer eg jubileet med å ha skrive endå ei barnebok for Samlaget. (Ferdig for ein halvtime sidan.)

2. Samlaget er forlaget eg har gitt ut flest bøker på. Dei har handsama meg stort sett fint, eg har fått den motstanden eg treng og den hjelpa eg likar. For det kjære målet mitt, nynorsk, har Samlaget spela ei uvurderleg rolle for alle oss som skriv, les og likar det.

Per Olav Kaldestad

Foto: June Witzøe

 1. Eg ønskjer forlaget generelt til lukke med jubileet, men markerer det ikkje særskilt.

2.  Eg debuterte på Samlaget og gav ut ei lang rekkje bøker der fram til 2010. Det var redaktør Guri Vesaas i forlaget som oppmuntra meg til å skriva for born og unge, og det er eg takksam for.

 

 

Hilde  K. Kvalvaag

Foto: Samlaget

1. Eg hadde dessverre ikkje høve til å vere med på verken jubileumsfest eller den barnelitterære festen. Så eg feirar med å skrive ei god bok nummer 2 i serien om Søsteranarkistane. Den heiter Over.

2. Samlaget betyr alt for meg som forfattar, eg har vore der sidan eg debuterte i 2003. Eg har hatt legendariske redaktørar som Guri Vesaas og Ragnfrid Trohaug og følt meg veldig privilegert. No er eg så enormt heldig å få Brynjulf Jung Tjønn. Han har vore strålande frå dag ein. For meg er enkeltpersonane det viktigaste i mitt forhold til Samlaget.

Ruth Lillegraven

Foto: Paal Audestad

1. Hehe, mi feiring avgrensar seg vel for så vidt til at eg i helga var så heldig å får vere med på den storstilte 150-årsfesten til Samlaget
på Det Norske Teatret – det var veldig stas.

2. Eg byrja jobbe på Samlaget som 22-åring og var der i over seks år. I denne perioden lærte eg utruleg mykje og fekk mange fine vener som
eg framleis har. Dessutan debuterte eg som forfattar – rett nok på Tiden, av naturlege årsaker. Eg er ikkje sikker på om det ville skjedd om ikkje eg hadde jobba på Samlaget og fått dei impulsane eg fekk
gjennom å jobbe der.
Sidan blei eg utfordra av redaktør Ragnfrid Trohaug til å skrive for
barn, noko eg gjorde. Og då ho utfordra meg til å skrive barnedikt,
gjorde eg det. Eg skuldar henne ein stor takk for at eg i dag er
barnebokforfattar. I dag har eg eit strålande samarbeid med Brynjulf
Jung Tjønn, som no er redaktøren min. Samlaget kjennest som ein slags
heim, eller ein slags familie. Eg er stolt av å vere ein del av
forfattarstallen hos denne vitale og livskraftige 150-åringen.

Vegard Markhus

Foto: Bjarte Bjørkum

  1. Mi feiring vart å delta på Samlaget sin barnelitterære fest i april. Festen inneheldt minst to av dei viktigaste bursdagsingrediensane, nemleg pølser i brød og hyggelege folk.

2. Det var Samlaget som foreslo at eg skulle prøve å skrive nokre lettlesbøker til Leseland-serien. Bøkene er betydeleg lettare å lese enn dei var å skrive. Ei svært lærerik erfaring!

 

Lars Mæhle

Foto: Tove K. Breistein

 1. Ja. No var eg ikkje på jubileumsfesten i helga (fordi eg var med sonen min på sjakk-NM for skolelag), så det har eg litt dårleg samvit for spørsmål 1. Men eg feirar med dei i ånda.

2. Eg gir ut bøker på fleire forlag, men Samlaget er det forlaget eg har vore hos lengst, som eg kjenner best og reknar som mitt hovudforlag. Ein av dei mange fine tinga med Samlaget, er at dei er akkurat passe store. Du blir kjent med heile forlaget. Alle menneska i alle ledda når du skal gi ut ei bok. Det er ein herleg gjeng! Dessutan gir det å vere forfattar på Samlaget meg ei sterk kjensle av kva skal eg seie … ein slags udefinerbar, men fin kjensle av geografisk og kulturell identitet. Menneska der er folkelege, og dei har den beste humoren. Dessutan har barne- og ungdomslitteraturen alltid stått høgt oppe på prioritetslista hos Samlaget. Det er derfor det kjem ut så mange prislønte bøker for barn og unge der òg. Gratulerer med dagen!

Maria Parr

Foto: Agnete Brun

 1. Eg har vore på Barnelitterær fest på forlagshuset og elles heia og jubla frå periferien.

2. Samlaget er forlaget mitt. Det var der eg vart teken inn i varmen då eg var ung og usikker, og det er der alle bøkene mine har vorte hjelpte fram av utruleg flinke folk. I tillegg har Samlaget og særleg barnelitteraturen derifrå lagt grunnlaget for mi eiga skriving og mitt eige skriftspråk.

 

Ingelin Røssland

Foto: Lars Myhren Holand

1. Eg feirar med å gi ut bok på Samlaget i år.

2. Då eg skulle gi ut første boka var det berre eit forlag som var aktuelt for meg, og det var Det Norske Samlaget. Sidan har eg gitt ut nokre bøker på andre forlag, men Samlaget vil alltid vera mitt hovudforlag. Eg kjenner meg heime med ein gong eg kjem inn dørene på forlagshuset om det no er eit møte eller ein fest eg skal på (og ja, Samlaget har dei beste festane!) Det kjennest som om alle på forlaget er engasjert i prosjekta mine, og eg går alltid frå møta på Samlaget med eit smil om munnen og ei kjensle av at eg er verdas viktigaste forfattarar som held på med verdas mest fantastiske bokprosjekt. Gratulera Samlaget, eg ser fram til vidare samarbeid.

Tor Arve Røssland

Foto: Samlaget

1.  Eg markerte dagen med flaggheising, grilling og fin vin.

2. Samlaget betyr veldig mykje for meg som forfattar, utan dei hadde eg ikkje vore forfattar i det heile tatt. Eg kom inn under vengene til Guri Vesaas for snart tjue år sidan, og har gitt ut flesteparten av bøkene mine der. Nynorsken og Samlaget vil alltid ha ein plass i hjartet mitt. Saman med dei fine redaktørane eg har jobba saman med. 150 år er ingen alder!

Asbjørn Rydland

Foto: Tove K. Breistein

1 Samlaget er flinke til å feira jubileet sitt, og eg har prøvd å få med meg så mykje som mogleg av dei ulike jubileumsarrangementa. Stor stas å vera med på kjempefest på Det Norske Teatret og feira jubilanten saman med hundrevis av andre venner av forlaget.

 2 Samlaget tok meg imot med opne armar då eg først tok kontakt med dei, og eg har alltid hatt eit godt samarbeid med dei ulike redaktørane eg har jobba med. Eg opplever at folka på Samlaget generelt er stolte av arbeidet sitt innanfor barne- og ungdomslitteratur, og eg er glad for å vera ein del av den satsinga.

Foto: Benedikte Skarvik

Kari Stai
1. Eg var med og feira Samlaget 150 år på den flotte festkvelden førre laurdag på Det Norske Teatret. Og eg er glad for å kome med ny Jakob og Neikob-bok i jubileumsåret. Det er også i år akkurat ti år sidan første Jakob og Neikob-bok, så eg har eit eige minijubileum i det store jubileet.

2. Samlaget betyr svært mykje for meg. Det er eit forlag eg kjenner meg heime i. Alle på huset er botnsolide. Redaktørane, marknad, teknisk guru Erling Vindheim og leiinga er alle drivande dyktige og fine.

Linn T. Sunne

Foto: Tove K. Breistein

 1. Eg markerar at Samlaget er 150 år med å skrive ei bok. Og å vere med på festforstillinga!

2. For meg betyr Samlaget eit godt lag i ryggen! Og ein stolt tradisjon.

 

 

 

Ragnfrid Trohaug.

Foto: Privat

1.Eg feira jubilanten både på barnelitterær festkveld i forlaget og med jubileumskvelden i Det Norske Teateret. Markeringar og fest er viktige; når ein inviterer til ein full teatersal med både kronprinsesse og ordførar i salen, viser forlaget at det har både fart og sjølvtillit.

2. Kva har ikkje Samlaget betydd for meg som menneske? Det var her eg blei forfattar i studietida og seinare forlagsredaktør med ansvaret for barne- og ungdomslitteraturen. Det å få lov til å arbeide ein stad kor barne- og ungdomslitteraturen har ein så sjølvsagt og naturleg plass, har vore ei gåve. Dessutan har det har alltid vore ein høgare himmel over litteraturproduksjonen i Samlaget, og den himmelen heiter motkultur, språk og identitet. Det har gjort skrivinga, redigeringa og forfattarsamtalane uendeleg rik. Det er med takksemd eg tenker på at eg fekk bli vaksen i Samlaget.

Det er ikkje berre forfattarane som set pris på forlaget sitt. Samlaget veit også å setja pris på dei som skriv barne- og ungdomslitteraturen, noko dei halde på med sidan starten. Dette er forlagsdirektør, Edmund Austigard, sine tankar om barne- og ungdomslitteraturen si rolle både på Samlaget, i Noreg og i verda:

Edmund Austigard. Foto: Samlaget

Forfattarane av Norsk Barnelitteraturhistorie (som kom i revidert utgåve på Samlaget nyleg) peikar på at Per Sivle og Rasmus Løland i 1887/88 braut med den moraliserande og religiøse barnelittertauren og skapte den moderne gjennom å gi barna ein eigen fri vilje og barndomen eigenverdi. Dei to fattiggutane vende seg bort frå den borgarlege tilnærminga der dei vaksne skulle vise barna kva som var rett og galt, og let barna sjølv finne det ut. Barnebøker på Samlaget kan lesast inn i denne tradisjonen heilt opp til i dag ved forfattarar som Maria Parr og Ingunn Thon. Faktisk er dette brotet eit underkommunisert faktum. Det var i Noreg ved Sivle og Løland at den moderne barnelitteraturen blei skapt, mange stadar kring om i verda er den framleis ikkje komen lenger enn der den norske var før desse to. Olga Drobot som omset Maria Parr sine bøker til russisk peikar på at den store Parr-suksessen i Russland skuldast nettopp at Parr tek barna på alvor, og at det er eksotisk i eit land der vaksne har monopol på kva som er rett og galt, og der barnelitteratur ofte blir sensurert.

For Samlaget er denne tradisjonen svært viktig. Endå viktigare blir barnebøker fordi forlaget har eit ansvar for at barn som veks opp med nynorsk som opplæringsspråk skal ha tilgang på litteratur på eige språk. Samlaget har i mange tiår satsa sterkt på barnelitteratur. Dei siste åra har forlaget mellom anna bygt opp Leseland – eit lettlestbibliotek – tilgjengeleg digitalt og papir. Barnebokforfattarane står derfor sterkt i Samlaget, og skal gjere det. Det viktigaste vi gjer i jubileumsåret er å sjå framover. Vi arrangerer derfor Nynorsk Lesefest i samarbeid med Noregs Mållag, ein fest der blir skipa til arrangement over heile landet, heile året. Onsdag i førre veka hadde eg gleda av å opna Nasjonalt digitalt lesedøgn på Bolteløkka skule i Oslo. 10 000 elevar på 201 skular frå Mandal til Nordkapp las nynorsk om kapp eit døgn. Så ja, Barnelitteratur og dei som skriv denne litteraturen skal vite at Samlaget har tatt og skal ta denne litteraturen på alvor. Og hugs at det er barnelitteraturen som lærer unge å lese godt, rekrutterer neste generasjon, og kanskje tenner skrivelysta hos ein og annan.

Og dette seier ein av dei som jobbar med barne- og ungdomslitteratur til daglig på Det Norske Samlaget, redaktør Brynjulf Jung Tjønn:

Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss

Å utgi barne- og ungdomsbøker er noko av det aller viktigaste Samlaget gjer. Vi skal sørgje for at barn og ungdom skal få lese kvalitetsbøker på sitt eige språk, slik at dei kan utvikle det nynorske språket sitt og ikkje minst bli glad i det. Difor må barne- og ungdomslitteraturen på Samlaget vere av høg kvalitet. På same tid er det viktig for oss å finne nye forfattartalent som skriv nynorsk og vidareutvikle desse forfattarskapa. Vi skal ha dei beste forfattarane som skriv for den viktigaste målgruppa.

 

Sak om sjølve festen og bilete finn du på BOK365