NBUtipset.no har fokus på bøker om dyr i dyreunivers no i mai 2018. Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og å illustrera bøker med dyr i hovudrollane. Rune Belsvik er andre forfattar ut:

Forfattarportrett, Sol Nodeland, Cappelen Damm

Namn: Rune Belsvik

Født: 14.04.56 Haugesund

Alder for forfattardebut: 23

Seinaste utgjeving: Fuglen, 2016

 

Fem kjappe:

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

«Du har så fine auge.»  Ropt etter meg, i det eg er på veg bort frå ein ungdomsskule på Dale, der eg hadde vore på forfattarbesøk – i ca 1980.

Nett no les eg …

Miss av Synne Sun Løes + Forbilde av Sophie Elise

Boka som forandra livet mitt … 

Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle – henta språket ned frå toalettveggane, trekte det ut frå pornoblada, og viste at det også finst eit litterært språk for erotiske intimitetar. At det er rom for nøling og sjenanse, og at kroppar som skal plasserast så tett saman ikkje alltid er enkle å få plassert slik ein ønskjer.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Det er den eg øver på å skriva. Men eg veit ikkje korleis ho er. Finst ho alt?

Boka eg gjerne gir i gåve …

Far din av Bjørn Ingvaldsen

 

–  Kva var det som fekk deg til å skriva om Dustefjerten og det vesle landet ved bekken?

Ein dag kom far min sine ord ut av min eigen munn.  Eg var sjølv blitt far.  Dette kjærleiksmøtet mellom eigne barn, eigen barndom, minne om far og familien.

– Korleis fann du ut kva dyr Dustefjerten skulle vera?

Eg er enno uviss på om Dustefjerten er eit dyr.  For meg er han eit slags menneske, som nesten finst.

–  Korleis tenker du om dyrefigurane du skriv om? Er det annleis å skriva om dyrefigurar sitt indre liv og tankar enn hos eit menneske?

Eg trur eg trong nokre figurar som ikkje ville låsa meg fast til innlærte assosiasjonar om korleis slike figurar ter seg.  Nokon eg kunne bruka til å improvisera meg fram i kjensle-minne med.

– Kunne Dustefjerten ha vore eit menneske (kvifor/kvifor ikkje)?

Som sagt, eg veit ikkje heilt.  Kanskje han er eit menneske?  Eller ein del av eit menneske?

– Du har skrive veldig mange bøker og dei fleste er meir realistiske befolka med vanlege menneske. Kvifor skriv du helst om menneske?

Det har falle seg slik, og er ikkje gjennomtenkt frå mi side.  Det er antakeleg inspirert av korleis andre forfattarar har gått fram.

– Kva dyr ville du vore om du skulle skriva ein sjølvbiografi med deg som dyr?

Å, det var eit deilig spørsmål. Kva dyr eg ville vore?  Eg føler trong for å gøyma meg vekk og tenka på dette i ro og fred.

– Går det å skriva om dyr for andre aldersgrupper enn barn? Kunne du for eksempel ha skrive ein ungdomsroman i eit dyreunivers?

Ja, hadde det blitt spurt etter det, og lokka med store premiar, så hadde eg vel kasta meg utpå og prøvd iallfall.

– Er det tema som er umogleg å skriva om innanfor eit dyreunivers?

Ikkje som eg kjenner til.

– Kva dyr kunne du aldri ha skrive om?

Det dyret har eg aldri møtt.

– Det er mange forfattarar som slett ikkje får til å skapa dyreunivers, men som kanskje vil prøva seg. Har du eit godt tips til korleis ein frigjera seg frå realismens rammer og finna dyret i seg sjølv?

Eg trur mitt første problem var at eg hadde fått for meg at eg skulle skriva noko fantastisk.  Altså noko utruleg, både nytt og godt.  Det gjekk på trynet.  Så vende eg tilbake til min eigen søledam, restar og minne frå tida som har gått, kopla saman med det som opptok meg kjenslemessig nett då, så prøvde eg å finna figurar som kunne ha desse ulike kjenslene som eigenskapar.  Barnet Rune.  Den ivrige Rune.  Den triste Rune som drøymerom å bli berømt.  Den grådige Rune.

– Bøkene om Dustefjerten kom ut med ujamne mellomrom i perioden 1991 til 2003, kan det koma fleire bøker frå det vesle landet ved bekken?

Det er lenge sidan eg har fått signal frå dei, så eg trur ikkje det.

Eit siste kosespørsmål:

– Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Eg hugsar at det hjelpte å lesa Ragnar Hovland, den gongen eg trudde eg hadde brukt opp alle orda mine i mi aller første bok.