NBUtipset.no har fokus på bøker om dyr i dyreunivers no i mai 2018. Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og å illustrera bøker med dyr i hovudrollane. Randi Fuglehaug er fjerde forfattar ut:

Foto: Pernille Walvik

Namn: Randi Fuglehaug

Født: 21.08.80, Voss

Alder for forfattardebut: 37 (då eg debuterte skjønnlitterært, 32 då eg begynte å skrive sakprosa)

Seinaste utgjeving: Papelina (2017)

Fem kjappe:

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Då 350 barn frå barnehagar på Sunnmøre laga kunstutstilling inspirert av Papelina.

Nett no les eg …

Gratis og uforpliktande verdivurdering av Marit Eikemo

Boka som forandra livet mitt … 

Bare en ferieforelskelse, som var den første boka eg fekk i TL-klubben og som for alvor sette i gang både leselyst og hormon. Så las eg Jørgen + Anne er sant, som forsterka begge deler.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Det tenker eg om dei fleste bøker eg likar. Eg gjer det om boka eg les no, og gjorde det nyleg då eg las den sjarmerande barneromanen Ollis av Ingunn Thon.

Boka eg gjerne gir i gåve …

OSLOve, ei bok om dei finaste gåturane i hovudstaden, skrive av Hanna Norberg. Bra å gi til Oslo-skeptikarar.

 

– Du debuterte som skjønnlitterær forfattar fjor med biletboka Papelina (illustrert av Jill Moursund), kva var det som gjorde at du valde å skriva di første barnebok om fuglar?

Eg var i barselperm då flyktningstraumen over Middelhavet var på sitt mest intense og begynte å tenke på å skrive noko om dette for barn. Frå før gjekk eg med ein idé om ein papegøyekarakter, og plutseleg innsåg eg at desse ideane kunne kombinerast i ei historie. Kva skjer med ein papegøyefamilie som må forlate heimen sin? Kan dei fly? Nei, dei må ta båt. Eg syntest det var eit fint symbol på kor innskrenka fridomen til menneske på flukt er. Men eg hadde ikkje berre lyst til å skrive ei trist bok om flyktningkrisa, eg ville også at ho skulle kunne lesast utan å måtte ta inn over seg den alvorlege tematikken. Med papegøyejenta Papelina som hovudperson kunne eg skrive ei historie som også handla om heilt andre ting – som kor flau ein kan bli av ein barnsleg pappa som hermar etter andre og alltid skal snakke på rim.

Er det ein særskild grunn til at det blei akkurat ein papegøyefamilie eller kunne det like gjerne ha vore eit anna dyr, fugl eller insekt?

Eg kunne nok ha brukt andre dyr til å illustrere flyktningfamilien, men papegøyane sine særpreg er viktige for handlinga, så det hadde ikkje blitt den same historia.

 Kva var det som kom først til deg? Vesle Papelina og familien hennar eller den dramatiske historia om flukta over ope hav i ein open båt?

Ideen til Papelina sin far, Papa Gøye, kom aller først. Finst det verkeleg ikkje ein barnebokkarakter som er papegøye og pappa? tenkte eg. Det gjorde det ikkje, og slik vart tobarnsfaren Papa Gøye til.

 Kunne du ha skrive denne historia om ein menneskefamile? Kvifor/kvifor ikkje.

Eg kunne sikkert ha gjort det, men eg trur det hadde vore mykje vanskelegare å få til det eg ønska med bokprosjektet.

 Er det lettare å skriva om eit alvorlig tema når ein kan ha ei dyreramme rundt den?

Absolutt. Å bruke dyr som karakterar i boka gjer det enklare å lage ei bok som kan lesast for barna på to plan: Ein kan gå inn i tematikken og snakke om den, eller ein kan lese boka utan å knyte historia til verkelege problemstillingar.

Gav det meirsmak å skriva om dyr eller kjem du til å skriva om menneske i meir realistiske rammer framover?

Det var veldig kjekt å skrive om dyr, og eg kjem heilt sikkert til å gjere det igjen, men eg likar nok aller best å skrive om menneske.

Mange kan synast at det er vanskeleg å leva seg inn i dyr og skriva bøker innanfor dyriske rammer, kva er ditt beste tips til den som ønskjer å frigjera seg frå realismen?

Tenk Disney! Gi karakterane så menneskelege trekk at du gløymer å la deg avgrense av at dei er dyr.

Når eg som lesar møter ei historie med dyr, så tenker eg alltid at dyra eigentlig er menneske. Dei er dyr, men samtidig menneske. Korleis tenkte du på Papelina og familien hennar? Var dei berre fuglar for deg eller såg du dei som menneske på flukt også?

Eg såg dei definitivt for meg som menneske, såpass at det, då Jill Moursund skulle illustrere boka, dukka opp mange problemstillingar av typen: «Skal papegøyane ha klede på seg eller ikkje?»

På kva måte opplevde du å bli motteken av kritikarar som debuterande dyreforfattar?

Eg har utelukkande opplevd positiv respons.

Har du vore på opplesingar for barn med boka di? I så fall, korleis er samtalen med målgruppa? (Er det for eksempel enklare å snakka om eit alvorlig tema når ein kan snakka om fuglar enn menneske? Dette temaet kan jo veldig lett bli veldig emosjonelt å prata med barn om elles.)

Eg har vore på fleire opplesingar, og eg pleier å sjå an gruppa før eg bestemmer meg om kor direkte eg snakkar om flyktningtematikken. Av og til held eg praten på eit litt meir overflatisk papegøye-plan og lar det vere opp til barna kva dei vil diskutere i etterkant. Då eg var på biblioteket i Vang i Valdres, og alle dei frammøtte kom frå asylmottaket like ved, var det fint å ha denne moglegheita, fordi eg ikkje ønska å rippe opp i opplevingar som kunne vere vanskelege. Eg trur nok fuglane er årsaka til at det er få barn som i utgangspunktet skjønar at historia handlar om å flykte frå krig – dei ler heller av den tøysete Papa Gøye, kommenterer at Papelina er fin som prinsesse og snakkar om at det er slemt å lyge til andre. I Vang var barna mest opptatt av å teikne papegøyar. Det var fint, det òg.

Kjem di neste bok for barn/unge handla om dyr eller menneske?

Menneske. Skalla, som kjem ut i haust, handlar om Iben og Skalla-Malla, to unge kreftpasientar som møtest på sjukehuset og saman utforskar hemmelege, magiske rom. Akkurat den historia hadde blitt vanskeleg å skrive om dyr.

 Eit siste kosespørsmål:

Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Eg er inspirert av alle som skriv gode, morosame, rørande og smarte bøker for barn og unge i dag, men eg må svare Thorbjørn Egner. Tenk å ha skapt karakterar som snart 70 år seinare framleis får barn til å pusse tennene!