I juni månad har me fokus på sakprosa for barn og unge. På NBUtipset.no har me merka sakprosaen med fakta, så om du er på leit etter sakprosabøker er emneordet ”fakta” ein bra stad å byrja.

Av: Ingelin Røssland

Foto: Ellen Liland, NBU.

 

Her er eit utdrag av definisjonen på sakprosa i Store Norske Leksikon:

 

Sakprosa er i vid forstand tekster som mottakeren har grunn til å oppfatte som direkte ytringer om virkeligheten.

Flere definisjoner og betydninger av sakprosa er diskutert nedenfor i avsnittene om bruk og definisjoner.

Tekstene kan være både skriftlige og muntlige. Eksempler på sakprosa i vid forstand er læreboka, biografien, busstabellen, leksikonetstatsbudsjettet og nettavisenes artikler og leserkommentarer.

 

Les heile teksten her: Sakprosa.

 

Sakprosa famnar om eit breittspekter av bøker: alt frå Guinness Rekordbok til bøker om kjæledyr, oppslagsverk om blomar og dyr, biografiar, historie og mykje meir. Barn er nyfikne av natur og det blir stadig trekt fram at særlig er dette viktige bøker særleg for gutar.

Sakprosa for barn er ofte ein oversett sjanger, trass i at bøkene er populære og det er stor etterspurnad etter god sakprosa for barn.
Kronikken «Me treng meir god sakprosa for barn og unge», publisert på forskning.no, kan vera interessant å lesa for deg som brenn for sjangeren eller er nyfiken.

Det er fleire forfattarar som vekslar mellom det å skriva skjønnlitteratur og sakprosa. På NBUtipset.no får du denne månaden lesa intervju med fire forfattarar som er ekspertar i sjangeren. Dei fire er Jon Ewo, Erna Osland, Lena Lindahl og Bjørn Ousland.