NBUtipset.no har fokus på sakprosa også kalla faktabøker i juni 2018 . Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og å illustrera sakprosa. Erna Osland er fjerde og siste forfattar ut:

Foto: Lene Løtvedt

Namn: Erna Osland

 Født: 24.02.1951 i Høyanger

 Alder for forfattardebut: 36

 Seinaste utgjeving:  Bokstavsommaren

 

Fem kjappe (med barneauge):

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …
Ikkje så kjapp da, men sidan vi snakkar om sakprosa. Dei lokkar fram barns eigen kunnskap, og det er kjekt å oppleve. Ein lesar av boka om latter, korrigerte meg slik: «Eg las i boka di om forskarar som har funne ut at vaksne ler sjeldnare enn barn. Dei forskarane har i alle fall ikkje vore heime hos oss. For foreldra mine ler veldig mykje, men det rare er at det er når nokre vaksne kjem på besøk, det har no eg merka meg.»

Nett no les eg …
Cheik Hamid Kane: Beretninger om ilden og verdens mørke.

Boka som forandra livet mitt …
Isslottet.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …
Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg.

Boka eg gjerne gir i gåve …
Eselliv av Adelheid Dahimene og Heide Støllinger, passar like godt til vaksne som til barn. Har ein bunke klar i hylla! Vedunderlege teikningar, herleg tekst.

 

Kva var det som gjorde at du begynte å skriva fakta/sakprosa?

Eg sakna elevane mine, sakna samtalane om ting vi undra oss over.

Korleis var det å skriva fakta/sakprosa første gongen?

Moro. Forunderleg å sjå kor forteljinga fann sin plass, også i fagboka. Eg sluttar jo ikkje å fortelje sjølv om eg skriv språkhistorie eller verdshistorie, som var tema i dei første sakprosabøkene. Men eg bruker det episk på ein annan måte.

Korleis leitar du opp fakta, vel ut kva du vil ha med og gjer stoffet til ditt eige?

Eg er ingen forskar som skriv om mitt eige fag, eg formidlar andre sine funn. Så i starten er eg som eit barn, eg er nyfiken på alt som er nytt og kjekt. Eg les og samlar kunnskap. Etter ei lang samlingstid, begynner eg å forme stoffet. Eg blir forfattaren og tar grep om det innsamla stoffet, formar det for den barnlege lesaren.

Kvifor er det viktig at barn og unge får lesa faktabøker, held det ikkje med skulebøker?

Skulebøker kan sjølvsagt vere god sakprosa. Men ei lærebok er knytt til læreplanar, og set grenser for forfattaren. Som forfattar av sakprosa er du friare, og det håpar eg sjølvsagt lesaren merkar, merkar at boka dei les er skriven fordi  forfattaren har godhug for temaet sitt. Og ikkje minst: Det er høve til å gå meir inngåande inn på eit emne enn forfattarar som skal dekke heile pensum.

Kva er det som skiljer fagboka frå nettopp skulebøker om liknande tema?

Eg håpar jo at tekst og illustrasjon – illustrasjonane er viktige i barns sakprosa – kan opplevast og glede lesaren på same måte som gode bilde og godt språk kan gi lesarglede når ein kastar seg ut i det skjønnlitterære.

Kan fakta vera god underhaldning?

Å, ja! Nett no les eg Insektenes planet av Anne Sverdrup-Thygeson. Visst underviser ho til vanleg, men i denne boka er ho først og fremst underhaldar, og sjonglerer elegant med mengder av fasinerande kunnskap.

På kva måte kombinerer du det å skriva skjønnlitteratur og sakprosa?

I sakprosa må det episke tene det saklege. I det skjønne, er det jo omvendt.

I dag kan alt googlast og all informasjon er tilgjengelig heile tida og over alt, kvifor skal vi då lesa (og skriva) faktabøker?

Om vi no snakkar om fagboka for barn, synest eg at det viktigaste ved den er at den urøynde lesaren kan sleppe å vurdere kjeldene. Lesaren kan lite på dei opplysningane han får, at dei er rette og relevante. Boka har også den fordelen at ho kan gi oversyn og dermed innsikt på ein annan måte enn eit uendeleg tal av ulike nettsider.

Korleis leitar du opp fakta, vel ut kva du vil ha med og gjer stoffet til ditt eige?

Eg vel opplysningar som «snakkar» til lesarane mine. Det er jo ein plan i det når eg skriv bøker om symbiose og kallar boka Dyrebare venner. Eg tenkjer at barn som les ei bok om sameksistens/symbiose allereie veit noko om vennskap. Og denne kunnskapen kan brukast til å formidle det nye. Barn kan bruke eigen kunnskap til å skaffe seg ny. Det er jo slik vaksne gjer det også, men i bøker for barn må ein vere innstilt på å bruke den kunnskapen barn vanlegvis har.

Har det blitt enklare eller vanskelegare å skriva sakprosa med åra?

Stadig kjekkare! Sakprosaen, både for barn og vaksne, men ikkje minst den for barn, er i ei rivande utvikling. Både illustratørar og forfattarar i den norske sakprosaheimen formidlar nye emne i nye overraskande former.

Korleis opplever du at interessa er for desse bøkene dine i høve til dei skjønnlitterære?

Sakprosaen er utruleg lett å formidle. Kven kunne tru at dei unge lesarane kunne leike at dei er regn og vind etter å ha lese ei bok om klima? Eller lage småkryp av pinnar og perler etter å ha lese om det som du kan finne under ein stein? Fagbøkene, har det vist seg, er lett å leike med, eller skrive vidare på. Barn kan lese om latter eller om kor fint det er å ha foreldre, men dei kan også mykje om dette sjølve, og formidlar det gjerne, gjennom tekst og teikningar.

Korleis er møte med lesarane dine av faktabøkene?

Eg ser at å lese og lære nytt gir barn tru på eigen kunnskap. Lesinga, trur eg, blir ein fin måte både å utvide og oppdage eigen kunnskap. Slik får boka og lesinga ein naturleg plass i den unge lesarens eige liv.

Kva er ditt beste tips til forfattarkollegaer og andre som vil prøva seg i denne sjangeren?

Skriv om noko du har lyst å lære om!

Så eit siste kosespørsmål:
Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Oskar Stein Bjørlykke. Han har synt at enkel form kan ha rikt innhald. Han skriv jo slik, men han har sett ord på det også. I eit intervju i Årboka, litteratur for barn og unge, meiner eg det var.

Meir om Erna Osland på heimesidene hennar og i SNL og hos Allkunne.