Denne boka passer for  nyfikne born som vil lesa om dramatiske hendingar frå verkelegheita.

Tittel: Den norske slavehandelen

 Forfatter: Anders Totland

 Illustratør: Kristian Krogh-Sørensen

 Forlag: Gyldendal Norsk Forlag, 2018

 Sidetall: 64

Sjanger: Fakta

 

Kort om handlinga:

Du har kanskje høyrt om slavehandelen og tenkt at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar. Men visste du at det også var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet? Det er ei historie om sjukdom og død, opprør og straff. Men òg om ei ny verd med nye sjansar for den som visste å spela korta sine rett.

 

 Tekstutdrag:

Jobben til Engebret Hesselberg er like enkel som han er vanskeleg: Slavane skal haldast nede, slik at inntektene frå sukkermøllene kan haldast oppe. Kort fortalt har Engebret ansvar for å gjera det dansk-norske kongeriket rikare.

Då alt tyder på at noko er i gjerde på St. Croix i desember 1759, må han handla. Med vissa om kva som står på spel, tar Engebret i bruk alt han har av verkemiddel for å slå ned opprøret før det startar.

        

 

Tre subjektive superlativ: Oppsiktsvekkande, dramatisk, brutalt.

 Anders Totland (fødd 1986 på Bømlo) er forfattar, journalist, kokk og organist. Han har mellom anna gjeve ut dei kritikarroste ungdomsromanane Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss på Gyldendal. Engel i snøen vann Nynorsk barnelitteraturpris 2016 og er også omsett til dansk.

Kristian Krogh-Sørensen (født 1980) er ein norsk journalist og teikneneserieskapar frå Oslo.

 Lenke til boka på forlagets hjemmeside: Gyldendal