NBUtipset.no har fokus på serielitteratur i august 2018 . Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva bøker i serieformatet. A. Audhild Solberg er fjerde forfattar ut:

Foto: AKAM1K3

Namn: A. Audhild Solberg

Født: 12. april 1975 på Notodden

Alder for forfatterdebut: 39

Årets bok: Ingen, kremt. Men håpar eg har to neste år.

 

Fem kjappe:

 

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Å, det er vanskeleg å velje. Eg er så heldig å få mykje respons frå lesarar, og set enormt pris på alt. Men det er nok tilbakemeldingar frå barn som kjenner seg igjen i hovudpersonen min Anne Bea, som blir mobba, som rører meg mest.

Nett no les eg …

Fiskene har ingen føtterav Jón Kalman Stefánsson og 1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk.

Boka som forandra livet mitt:

Forandra veit eg ikkje, men Alberte-trilogien av Cora Sandel har vore viktig for meg. Språket hennar, stilen, tidskoloritten, kvinne- og kunstnarmotivet, alt. Eg skreiv også hovudoppgåve om bøkene og les dei jamleg på nytt.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Harry Potter-serien.

Boken eg gjerne gir i gåve…

Ei bok eg gav mange etter at eg hadde lese den, er Unntaketav Christian Jungersen. Den er frykteleg fascinerande. One Day av David Nicholls har eg også gitt bort. Eg har aldri ledd eller grått så mykje av ei bok.

 

Då du debuterte som forfattar var du ikkje ny i forlagsbransjen, du hadde erfaring frå den andre sida, kva hadde det å seia for det at du begynte å skriva bøker sjølv?

Det hadde heilt sikkert noko å seie; eg hadde lært mykje om skriving som handverk og kjende prosessen frå manus til bok. Men lysta til å skrive var der lenge før eg begynte i forlagsbransjen. Da eg jobba som forlagsredaktør, trudde eg lenge at alle redaktørar inst inne ville skrive sjølve – slik eg ville. Etter kvart innsåg eg at det faktisk ikkje var tilfelle. Det var da eg endeleg tok grep og gjorde noko med saka.

 Då du skreiv første bok om Anne Bea, Kampen mot superbitchene, hadde du alt planlagt at det skulle bli ein bokserie?

Nei, den første boka om Anne Bea skreiv eg utan tanke på serieformatet.

 Kva er det som er så bra med å skrive fleire bøker om same person?

Ein stor fordel er sjølvsagt at eg kjenner hovudpersonen min godt. Eg veit korleis ho vil reagere i situasjonar, noko som er med på å styre handlinga på ein meir naturleg måte. Det blir færre påfunn og fleire truverdige hendingar (sjølv om det dukkar opp både gjenferd og gale kattar i serien …). Det kan også vere lettare å komme i gang med ei ny bok når universet er kjent.

Korleis oppdaga du at Anne Bea og universet rundt henne eigna seg perfekt til fleire bøker?

Lesarar lurte på om det kom fleire bøker, forlaget mitt også, men eg hadde aldri skrive ein oppfølgjar utan å ville det sjølv. Det var det som var utgangspunktet. Eg var ikkje ferdig med Anne Bea, Nils og superbitchene, eg ville vite kva som hende vidare, og eg var ikkje minst blitt glad i dei. Det høyrest ut som ein klisjé, men det er heilt sant! Dette er kanskje litt pinleg, men eg kan bli rørt berre av å tenke på Nils, den spjælete og lojale bestevennen til Anne Bea. Eg elskar den guten – sjølv om det er eg som har funne han på!

Fjerde bok om Anne Bea og Superbitchene kom ut i 2017. Er det siste bok om Anne Bea, eller kjem det fleire?

Det kjem ikkje fleire bøker i denne serien, det kjenner eg meg ganske trygg på. Trur eg.

 Korleis veit ein at det er på tide å avslutta ein bokserie?

Eg avslutta serien av fleire grunnar. I fjerde og siste bok er Anne Bea og co. ferdig med barneskulen, ei rekke handlingstrådar gjennom serien er nøsta opp – det kjendest naturleg å seie farvel. Eg begynte dessutan å bli klar for å skrive om noko anna. Som serieforfattar blir ein jo også redd for at ein berre surfar på ei trygg bølgje.

Trur du at du kjem til å halda fram å skriva seriar?

Eg har lyst til å skrive ein ny serie, ja. Kanskje blir det Superbitchene 2 – they’re back, meaner than ever! Antakeleg blir det noko heilt anna.

 Kva trur du det er som gjer at serieformatet er så populært både blant barn og vaksne?

Det kjente og kjære blir aldri feil, verken for barn eller vaksne. Nokre univers liker vi berre å vere i, anten det er ein politistasjon på Shetland eller ein kostskule for hekseri og trolldom i Skottland.

 Blant vaksenbokforfattarar så har serieformatet litt lav status, mens det er mykje kulare og meir akseptert å skriva seriar for barn. Kva trur du er grunnen til det?

Eg veit ikkje om eg er einig. Serieformatet har eit halvdårleg rykte i barnebokverda også. Men altså: Dei som synest at serieformatet er lågstatus, har misforstått, etter mi meining. Eit format kan fyllast med både drit og gull. Napoli-kvartetten til Elena Ferrante og Innsirkling-bøkene til Carl Frode Tiller er også seriar. Dei og liknande bøker blir berre ikkje kalla det; dei er verktrilogiarkvartettar. Krim- og barneromanar med ein gjennomgåande hovudperson, derimot, er alltid seriar.  Og ordet ”serie” gir langt dårlegare assosiasjonar enn ”verk”; tankane går til triviallitteratur, føljetongar, Morgan Kane og Nancy Drew.

Ja, det er ein del krim- og barnebokseriar som verkar vere skrivne etter ei oppskrift. Nokre barne- og ungdomsbokforfattarar bidrar også sjølve til det halvdårlege ryktet til serieformatet. ”Det er berre ei seriebok”, har eg høyrt forfattarar seie om si eiga bok. Ja vel, tenker eg da. Anten har du dårleg sjølvtillit, eller så driv du med venstrehandsarbeid for å tene pengar. Ikkje skuld på serieformatet.

Kvalitet er ikkje knytt til formatet i seg sjølv. Mange av dei beste tv-seriane om dagen slår såkalla høgstatusbøker ned i støvlane. Mange bokseriar for barn og vaksne også. Kvalitet er knytt til måten ein forfattar utnyttar formatet på.

 Bøkene dine har blitt kjempepopulære, du har vunne priser og er omsett til fleire språk. Trur du noe av denne suksessen er takket være at bøkene er i serieformatet?

Ja og nei. Gjennombrotet kom allereie med debutboka, og den var som sagt ikkje tenkt å vere første bok i ein serie. Men dei andre bøkene har sjølvsagt fått drahjelp av serieformatet – slik det jo ofte er når ein skriv seriar. Eg tippar Knausgård har det på same måte. (Utan samanlikning for øvrig.)

Kva er ditt beste tips til kollegaer som har lyst, men ikkje helt tør å gi seg i kast med serieformatet?

Du bør sjå hovudpersonen din tydeleg for deg og ha lyst til å følgje han/henne vidare. Er dei to tinga på plass, er det berre å køyre på!

 Kva var din favorittbokserie som barn?

Bøkene om Anne fra Bjørkely av Lucy M. Montgomery og Skygge-serien av Maria Gripe.

 Et siste kosespørsmål:

– Kva for ein norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Dette er flautt å innrømme, men mine favorittar var og er svenske og engelskspråklege. Thorbjørn Egner likte eg for eksempel aldri. Det var særleg illustrasjonane hans eg sleit med, hugsar eg. Sosialrealismen på 80-talet var heller ikkje mi greie. Eg las forresten Kari Bøge og Guro-bøkene til Anne-Cath. Vestly. Men den norske barne- og ungdomsbokforfattaren eg er mest påverka av, er nok Vigdis Hjorth. Eg elskar Jørgen + Anne er sant.