Berre la meg le!

Foto: Ellen Liland. Forfattarportrett: Joar E.M Klette.

Då eg var liten likte eg best dei bøkene som fekk meg til å grina, dei som reiv i brystet og fekk tårene til å renna – men av og til var det også sabla godt å berre få le! Latteren satt alltid laust i møte med forfattarar som Roald Dahl, Ingvar Ambjørnsen, Vigdis Hjort, Ragnar Hovland og Ole Lund Kierkegård. Eg lo både hjarteleg og høgt og på ein litt sånn halvpinleg måte. Litt humor i kvardagen, det har me alle godt av.

 Av: Ingelin Røssland

 Sist veke laga NRK i sak som heit «14 bøker forfatterne ler av», og det overraska meg då eg såg at 13 av dei 14 nemnde bøkene var vaksenbøker. Den einaste nemnde barneboka var Keeperen og havet av Maria Parr. Parr er morosam, og ho er i godt selskap. Men berre ei barnebok? Alle veit jo at dei aller morosamaste bøkene er skrivne for barn og unge! Og norske barne- og ungdomsbokforfattarar er dessutan omreisande i glede og latter, for mange av desse forfattarane er også veldig gode formidlarar der ute i skulane og på bibliotek.

Dei skulebarna som har vore så heldige å få besøk av forfattar og illustratør Reidar Kjelsen, vil seint gløyma det. Det same gjeld dei som har hatt besøk av Anna Fiske, Gudrun Skretting, A. Audhild Solberg, Maria Parr, Bjørn F. Rørvik, Endre Lund Eriksen, Arne Svingen, Camilla Kuhn, Arnfinn Kolerud, Bjørn Ingvaldsen, Anna R. Folkestad og … og eg kunne nemnt så mange fleire.

Morosam 100 gonger etter kvarandre

Ei morosam vaksenbok blir vanlegvis lese ein gong av same lesar. Kanskje ein sjeldan gong to eller tre til. Ei morosam barnebok blir lese kanskje hundre gonger i løpet av ein barndom – og den blir lesen av både barna sjølve og av vaksne som les høgt for dei. Og når boka skal lesast igjen og igjen på den måten ja, då seier det seg sjølv at den må vera god.

I september skal de få lesa intervju med fire forfattarar som er morosame på kvar sin måte. Bøkene dei skriv er veldig ulike, men det dei har til felles, er at dei lurer fram latteren hos liten og stor. Det å le veks ein som kjent aldri frå.

Er du på jakt etter humoristiske bøker? Klikk på Humor i margen på sidene her. Då får du opp alle dei nyaste bøkene frå Noregs morosamaste barnebokforfattarar.